Bustad eller fritidseigedom i utlandet

Gevinst og tap ved sal av fast eigedom i utlandet

Skal du selje bustad eller fritidsbustad i utlandet? Ta kontakt med skattekontoret for å få opplysningar om skatteplikta i Noreg og informasjon om ein eventuell skatteavtale med det landet eigedomen ligg i.

Gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig til Noreg etter dei same reglane som gjeld for fast eigedom i Noreg. Det er mellom anna reglar om skattefritak på grunnlag av eigartid og butid/brukstid. Tap ved sal av fast eigedom i utlandet gir berre rett til frådrag Noreg i dei tilfella der ein eventuell gevinst ville vore skattepliktig til Noreg. Fast eigedom i utlandet kan til dømes vere eigen bustad og fritidsbustad. Også timeshare-leilegheiter kan vere fast eigedom.

Ved sal av fast eigedom i utlandet blir ein eventuell gevinst ofte skattepliktig i det landet eigedomen ligg i etter dei reglane som gjeld der.

Noreg har inngått skatteavtalar med ei rekkje land, som mellom anna inneheld reglar om korleis ein unngår at den same inntekta blir skattlagd i begge landa. Gevinst ved sal av fast eigedom i eit land som Noreg har skatteavtale med, skal vanlegvis skattleggjast fullt ut i det landet eigedomen ligg i, etter dei reglane som gjeld der.

Nokre skatteavtalar seier at gevinsten frå salet skal skattleggjast både i Noreg og i det landet den faste eigedomen ligg i. Dersom du i eit slikt tilfelle har betalt skatt i utlandet, kan du krevje å få trekt frå denne skatten i den norske skatten på gevinsten. Dette gjeld mellom anna når eigedomen ligg i Danmark, Finland, Frankrike, Spania eller Sverige. Det same gjeld når det ikkje er inngått nokon skatteavtale med vedkomande land.

Dersom du krev frådrag i norsk skatt for skatt du har betalt i utlandet, må du fylle ut skjemaet RF-1147 «Frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) for lønnsmottakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande» og leggje det ved skattemeldinga. Du må òg dokumentere kor mykje skatt du har betalt i utlandet av gevinsten. 

Andre skatteavtalar seier at gevinst ved sal av fast eigedom i det andre landet ikkje skal skattleggjast i Noreg. Då kan du ikkje krevje frådrag for eit eventuelt tap. Dette gjeld mellom anna når eigedomen ligg i Belgia, Italia og Kroatia.

Døme: Sal av fritidsbustad i Sverige

I Sverige: Skattepliktig gevinst blir rekna ut etter svenske reglar og skattlagd i Sverige.

I Noreg: Skatteplikta blir vurdert etter norske reglar. Har du eigd og brukt fritidsbustaden lenge nok til å oppfylle vilkåra for skattefri gevinst ved sal, er gevinsten skattefri i Noreg. Då kan du ikkje krevje frådrag i Noreg for den svenske skatten på gevinsten. Dersom gevinsten er skattepliktig, skal han reknast ut etter norske reglar og skattleggjast i Noreg. Då kan du krevje frådrag for den skatten du har betalt i Sverige, i den norske skatten på gevinsten.

Ettersom den skattepliktige gevinsten blir rekna ut etter svenske reglar i Sverige og norske reglar i Noreg, vil det skattepliktige beløpet i Sverige og Noreg vere ulikt.