Gåver og reiser betalt av arbeidsgivar

  • Skriv ut

Her finn du informasjon om skattereglar for gåver og reiser som arbeidsgivaren din eller andre betaler for deg.

Arbeidsgivaren eller oppdragsgivaren din skal gi skattestyresmaktene opplysningar om dei skatte- og trekkpliktige ytingane du får. Det skal stå i samanstilling av inntekter, frådrag og trkk som du mottar frå arbeidsgjevaren din i januar. 

Ver merksam på at sjølv om arbeidsgivar ikkje har gjort dette, eller du har fått ei skattepliktig yting frå andre enn arbeidsgivar, har du sjølv plikt til å føre opp verdien av det du har teke imot, i skattemeldinga.

Spørsmåla og svara tek berre for seg skattereglar. Reglane som skal sikre uavhengigheit i avgjersler, er ikkje omtalte.

Er alle gåver frå arbeidsgivar skattepliktige?

Hovudregelen er at alle ytingar med økonomisk verdi (fordelar) som du får av arbeidsgivar, er skattepliktige. Det gjeld anten ytinga består av kontantar, gåver eller andre naturalytingar. 

Det finst enkelte unnatak frå skatteplikta. På visse vilkår, som er fastsette i ei forskrift til skattelova, er det gitt skattefritak for jubileums- og merksemdsgåver i tilsetjingsforhold når gåva består av anna enn pengar og verdien ligg innanfor gitte beløpsgrenser. Ver merksam på at gåvekort som kan løysast inn i kontantar, fell utanfor skattefritaket.

Dersom du vil ha meir informasjon, kan du sjå Skatte-ABC og emnet Gaver og tilskudd i arbeidsforhold.

Korleis er det med skatteplikt på gåver eg ikkje får av arbeidsgivar, men av andre, til dømes ein forretningskontakt?

Sjølv om gåva ikkje blir gitt arbeidsgivaren din, er det likevel skatteplikt dersom gåva har ein klar samanheng med arbeidsforholdet. Generelt kan ein leggje til grunn at dersom det ikkje er sannsynleg at du hadde fått gåva dersom du ikkje hadde vore tilsett der du er eller hadde hatt det oppdraget du har, er gåva i alminnelegheit skattepliktig.

Eg er tilsett i ei offentleg verksemd og for ei tid sidan heldt eg ein presentasjon for ein organisasjon. Som takk fekk eg ein blomsteroppsats. Er denne skattepliktig for meg?

I utgangspunktet er alle fordelar vunne gjennom arbeid skattepliktige. Det gjeld òg honorar i form av naturalytingar. Dette gjeld anten det er i eller utanfor tilsetjingsforhold. Likevel finst det eit eige skattefritak for såkalla takksemdsgåver for enkeltståande arbeidsprestasjonar til ein person som ikkje er tilsett i bedrifta. Dette gjeld for gåver som består av anna enn pengar og med ein verdi på inntil 500 kroner. Dersom verdien på gåva er over 500 kroner, blir heile gåva skattepliktig.

Ein kollega av meg fylte 50 år nyleg og fekk i samband med det ei gåve frå bedrifta. Er det skatteplikt på slike gåver?

I utgangspunktet er alle gåver frå arbeidsgivar skattepliktige, men det er unnatak for såkalla jubileums- og merksemdsgåver. For at gåva skal vere skattefri må gåva bestå av anna enn pengar, og skattefritaket gjeld berre for verdiar inntil 3000 kroner. Når kollegaen din fyller 50 år (eller 60, 70, 75 eller 80 år), kan han eller ho derfor skattefritt ta imot ei slik gåve. Ein føresetnad for skattefritaket er at gåva blir gitt etter ei generell ordning i bedrifta. 

Fyller kollegaen din derimot 40 år, gjeld ikkje denne regelen. Merksemdsgåver av bagatellmessig verdi, t.d. blomster, konfekt, rimeleg vinflaske eller liknande kan likevel givast skattefritt.

I fjor gjorde eg ein mindre jobb for eit lite firma og fekk ei vare til ein verdi av i underkant av 1000 kroner. Korleis handterer eg dette rett?

Har du teke imot lønn eller anna arbeidsvederlag og det samla vederlaget frå same oppdragsgivar er maksimalt 1000 kroner i løpet av året, er beløpet skattefritt og skal ikkje førast i skattemeldinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom vederlaget er verksemdsinntekt for deg, for då skal heile beløpet inngå i inntektsgrunnlaget i næringsverksemda.

Eg reiser ein del i jobben og får som følgje av dette bonuspoeng som eg bruker privat til meg og familien min. Er det skatteplikt på dette? Og kva er i så fall grunngivinga for det?

Dersom du gjennom tenestereiser eller andre reiser i yrket opparbeider deg bonuspoeng og bruker desse privat, er dette skattepliktig inntekt på lik linje med anna inntekt. Grunngivinga er at alle fordelar som er vunne ved arbeid eller verksemd, er skattepliktig inntekt. Så lenge det er arbeidsforholdet som er årsaka til at du oppnår fordelen, speler det inga rolle for skatteplikta om du ikkje får fordelen direkte til dømes av arbeidsgivar.

Sidan det er arbeidsgivaren min som pleier å ta seg av skattetrekk og levering av lønnsopplysningar, har vel ikkje eg noko ansvar for å gi opp desse bonusreisene?

Jau, du har ei sjølvstendig plikt til å føre opp verdien av alle skattepliktige ytingar i skattemeldinga dersom det er noko som ikkje er rapportert inn. Verdien av bonuspoeng brukt privat skal normalt fastsetjast til det det ville ha kosta deg å kjøpe tenesta, eventuelt vara, sjølv. Beløpet skal førast i post 2.1.1 i skattemeldinga.

Eg er leiar i ei bedrift og får tidvis invitasjonar til ulike arrangement, til dømes sportsarrangement, konsertar og liknande der også andre leiarar deltek. Når det blir stilt krav til at eg må vere synleg og knyte kontaktar, kan vel ikkje dette vere noko eg må skatte av?

Jau, det å delta på ikkje-faglege aktivitetar som er betalte av andre enn arbeidsgivar, er vanlegvis skattepliktig for deltakaren. Om det er «forventa» at du deltek, eller om bedrifta definerer det som viktig at ein av dei tilsette i bedrifta er «synleg» og liknande, verkar normalt ikkje inn når ein skal vurdere skatteplikta.

Dersom du vil ha meir informasjon, kan du sjå Skatte-ABC og emnet Studiereise, kongressdeltagelse.

Når eg er på reiser med jobben, hender det at ektefellen min blir med, og at kostnadene hans blir dekte. Nokre gonger er han invitert og det blir forventa av vertskapet at han deltek som følge. Andre gonger blir han med fordi vi tek fritida saman utanom dei faglege møta. Dette er vel greitt skattemessig, i alle fall dei gongene han er invitert?

Dersom du har med ektefelle og/eller barn på fellesarrangement for dei tilsette i bedrifta, medrekna hotellopphald med inntil to overnattingar, kan dette etter forholda vere friteke for skattlegging etter reglane om rimeleg velferdstiltak i arbeidsforhold. Dersom ektefellen din er med på tenestereiser, blir deltakinga hans skattepliktig som lønn for deg dersom utgiftene er dekte av arbeidsgivar.

Dersom du vil ha meir informasjon, kan du sjå Skatte-ABC og emnet Velferdstiltak.

Ektefellen min har visse oppgåver under opphaldet. Til dømes hjelpte han til under opningsseremonien av den siste filialen vår, der han mellom anna overrekte blomstrar til ny dagleg leiar. Endrar dette skatteplikta?

Nei, tildeling av slike oppgåver fører ikkje til at reisa ikkje lenger blir rekna som feriereise for han. Dekninga av private kostnader er dermed skattepliktig.

Vi er ein gjeng som skal på seminar i utlandet. Bedrifta dekkjer reise, opphald og kost. Vi skal ha noko fagleg innhald, men det blir utvilsamt mykje fest og moro, med sightseeing og besøk på stranda. Blir det skatteplikt for oss som deltek?

Dersom reisa skal kunne godtakast som ei reise i tenesta eller yrket, slik at dekninga av utgiftene ikkje skal vere skattepliktig for deltakarane, må føremålet med reisa hovudsakleg vere fagleg eller tenestleg grunngitt. Ut frå dei opplysningane du gir ser dette ut til å vere ei reise av meir feriemessig karakter enn fagleg karakter. Ho blir derfor skattepliktig.

Dei tilsette i bedrifta har i ein hektisk periode gjort ein strålande innsats. Vi har derfor tenkt å arrangere ein tur til utlandet for alle som eit velferdstiltak. Vi har undersøkt prisar og funne ut at det blir billigare med ein pakketur til Syden enn ein helgetur på eit høgfjellshotell i Noreg. Er dette ok skatte- og avgiftsmessig?

Det særskilte skattefritaket som gjeld for rimeleg velferdstiltak har som føresetnad både at tiltaket kan karakteriserast som eit velferdstiltak, og at tiltaket er rimeleg og vanleg i arbeidslivet. I det nemnte tilfellet reknar vi med at det gjeld ei vekes opphald på hotell. Sosiale arrangement med meir enn to overnattingar på hotell blir i skattelova rekna som ferie og ikkje som velferdstiltak. Ferie betalt av arbeidsgivar er alltid skattepliktig. Svaret er derfor at eit slikt opphald inneber skatteplikt for dei tilsette og plikt til å rekne ut arbeidsgivaravgift for arbeidsgivaren.

Dersom du vil ha meir informasjon, kan du sjå Skatte-ABC og emnet Velferdstiltak.

Eg driv eit firma og har ein tilsett på deltid. No treng vi å kome oss bort og tenkte derfor å bestille eit helgeopphald på hotell eit par dagar. Utgiftene tenkte eg å føre på firmaet med referanse til reglane om rimeleg velferdstiltak. Har eg moglegheit til å gjere dette?

Nei. Dette utløyser skatteplikt for deltakarane og plikt til å rekne ut arbeidsgivaravgift. Ordninga med skattefrie velferdstiltak omfattar ikkje føretak utan tilsette eller føretak med éin eller fleire tilsette som til saman ikkje har arbeidstid og lønn som tilsvarer ei full stilling i føretaket. Ordninga omfattar heller ikkje aksjeselskap med éin aksjonær og der aksjonæren er den einaste tilsette i selskapet.

Dersom du vil ha meir informasjon, kan du sjå Skatte-ABC og emnet Velferdstiltak.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.