Generelt

Du blir rekna som pendlar når du på grunn av jobb må pendle mellom heimen og bustaden på arbeidsstaden.

Føresetnaden for å bli rekna som pendlar er at den skattemessige bustaden din er ein annan stad enn der du arbeider. Dersom du bur vekselvis i to eller fleire bustader, kan du berre stå registrert som busett i éin av dei. Det må då avgjerast kva bustad som er den skattemessige bustaden din, og kva adresse du skal vere registrert busett med i folkeregisteret. Skattemessig bustad og bustaden som er registrert i folkeregisteret, er i regelen den same.

Hovudregelen er at det er der du oftast overnattar (har mesteparten av døgnkvila di), som blir rekna som bustaden din. Eit unnatak frå denne regelen er dei såkalla pendlarføresegnene. Føresegnene inneber at du på visse vilkår kan reknast som busett i heimkommunen, sjølv om du som oftast overnattar (har mesteparten av døgnkvila di) i arbeidskommunen. Føresegnene er omtalte seinare i brosjyren.