Skattemelding

I mars/april kvart år får alle som får løn, pensjon eller uføretrygd ei skattemelding. Skattemeldinga er ei oversikt over kva du hadde i inntekt, frådrag, formue og gjeld i fjor. For å vere sikker på at du ikkje betaler for mykje skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette.

Viktig informasjon

Når livet endrar seg vil ofte også skatten endrast

Endringar i familiesituasjonen, bustad, jobb og utdanning påverkar både frådrag du har rett på og kor mykje som vert trekt i skatt.