Skattemelding (sjølvmelding)

I mars/april kvart år får alle som mottek løn, pensjon eller uføretrygd ei skattemelding. Det er ei oversikt over dine inntekter, frådrag, formue og gjeld. For å vere sikker på at du ikkje betalar for mykje skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette.

Viktig informasjon

Når livet endrar seg vil ofte også skatten endrast

Endringar i familiesituasjonen, bustad, jobb og utdanning påverkar både frådrag du har rett på og kor mykje som vert trekt i skatt.