Tek du imot lønn frå ein frivillig eller velgjerande organisasjon?

  • Skriv ut

Dersom organisasjonen er skattefri kan du frå og med 2016 ta imot lønn på inntil 10 000 kroner skattefritt.

Inntekt under beløpsgrensa skal ikkje rapporterast til Skatteetaten.

Tener du over beløpsgrensa frå ein slik organisasjon i løpet av eit inntektsår, så er heile beløpet skattepliktig.

Beløpsgrensa for skattefri inntekt gjeld lønn for ein jobb du gjer for organisasjonen; til dømes som profesjonell utøvar, trenar, dirigent, funksjonær, dommar, tillitsvalt o.a. 

Dersom jobben du gjer for den skattefrie organisasjonen er ein del av næringsverksemda di, er alle inntektene skattepliktig verksemdsinntekt.

Utgifter refundert 

Dersom du får dekt utgifter på inntil 10 000 kroner kvart år som du har hatt gjennom arbeidet for organisasjonen, er også desse skattefrie og skal ikkje rapporterast til Skatteetaten. Det same gjeld refusjon av reisekostnader til og frå arrangement. Utgiftene må dokumenterast. Får du utbetalt bilgodtgjersle, er det eit vilkår for skattefritak at godtgjersla ikkje overstig kilometersatsen for bruk av bil som er fastsett av Skattedirektoratet. Vidare er det eit vilkår at du dokumenterer reisekostnadene med ei reiserekning som arbeidstakaren har fylt ut.

Dersom du er dommar i ein lagidrett der det er nødvendig med særskilt utstyr, til dømes sko, drakt, vern, kan du få dekt desse utgiftene skattefritt med inntil 260 kroner per oppdrag. Den samla skattefrie utstyrsgodtgjersla som blir utbetalt til idrettsdommaren frå same oppdragsgivar, kan ikkje overstige 2 600 kroner per år (satsar for 2016).

Les meir om lønn frå velgjerande og frivillige organisasjonar.

Dersom jobben du gjer for den skattefrie organisasjonen er ein del av næringsverksemda di, er alle inntektene skattepliktig verksemdsinntekt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.