Valutalån - Rapportering av kursgevinst og kurstap

  • Skriv ut

Dersom du har eit valutalån i ein bank og har hatt valutagevinst eller tap i perioden, skal banken rapportere dette til Skatteetaten.

Dersom du ikkje har fått førehandsutfylt kursgevinst eller tap på valutalånet ditt, kan du fylle inn gevinst i post 3.1.13 og tap i post 3.3.13

Kontakt banken din for å få ei korrekt utrekning av valutagevinst eller tap.

Ver merksam på at det BERRE er kursgevinst eller tap knytt til sjølve valutalånet som kan førast i desse postane (det skal IKKJE førast kursgevinst eller tap i samband med sikringskontraktar/valutatermin-kontraktar).

Rekneeksempel

Vanleg lån:

Lån i USD 100.000 år 1 vekslingskurs på opptrekkstidspunktet = 7,5
Nedbetaling USD 20.000 i år 1(1 avdrag)  vekslingskurs på nedbetalingstidspunktet = 8,-
Valutatap USD 20.000 * (7,5 * 8)    = NOK 10.000

År 2:

Nedbetaling USD 20.000 på kurs 8,-  
Nedbetaling USD 30.000 på kurs 8,5  
   
Valutatap USD 20.000 (7,5 – 8)  = NOK 10.000
Valutatap USD 30.000 (7,5 – 8,5) = NOK 30.000
Totalt = NOK 40.000

År 3:

Kunden ønskjer å auke USD lånet med USD 120.000 slik at restlån er USD 150.000

Auken blir gjort på kurs 9,-  
Inga nedbetaling  
Valutagevinst/tap er  = NOK 0,-

Med FIFU-prinsippet (Først-Inn-Først-Ut-prisippet)

År 4:

Nedbetaling USD 50.000 på kurs 8,5 (her nyttar ein FIFU regelverket)

Valutatap USD 30.000 (7,5 – 8,5)  = NOK 30.000
Valutagevinst USD 20.000 (9 – 8,5)  = NOK 10.000
Samla valutatap  = NOK 20.000

Nedbetaling av valutalån med valuta:

Lån i USD 100.000 år 1 midtkurs på opptrekkstidspunktet = 7,5
Nedbetaling USD 20.000 i år 1 (1 avdrag) midtkurs på nedbetalingstidspunktet = 8,-
     
Valutatap USD 20.000 * (7,5 * 8)   = NOK 10.000

Vi får det same resultatet om ein vekslar eller nedbetalar med same valuta som lånet er i.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.