Får du pengar frå NAV og har spørsmål om skattekort?

Dersom du har spørsmål knytt til om skattekortet er rett, er det Skatteetaten som skal svare på det. Spørsmål om sjølve gjennomføringa av trekket skal rettast til NAV.

Du skal ikkje levere skattekort til NAV, fordi NAV får skattekorta elektronisk frå Skatteetaten.

NAV er ikkje alltid informert om at du har ein annan hovudarbeidsgivar. Har du tabellkort, må du difor passe på at tabellkortet berre blir brukt hos hovudarbeidsgivaren.