Ungdom, arbeid og skatt

Dersom du har fått deg ein sommarjobb eller ein fast jobb, må du skaffe deg eit skattekort. Om du skal ha eit frikort eller eit skattekort kjem an på kva du kjem til å tene i løpet av året.

I mars/april året etter får du ei skattemelding. Skattemeldinga gir deg ei oversikt over inntektene dine, frådraga dine og kva du har betalt i skatt. Dette er ei førebels utrekning av skatten din. Du må kontrollere tala og sjekke at alt stemmer. Viss du endrar noko på skattemeldinga, må du levere ho. 

Etter at vi har behandla skattemeldinga di sender vi ut eit skatteoppgjer. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.