Korleis endrar eg skattekortet mitt?

  1. Gå til «Endre skattekort»
  2. Er du usikker på om du må endre skattekortet? Les om når du bør vurdere å endre skattekortet.
  3. Fyll ut opplysningar om løn, pensjon og betalt skatt så langt i år. Desse opplysningane finn du på den siste lønsslippen frå arbeidsgivar, eventuelt på den siste oppgåva frå pensjonsutbetalaren.
  4. Einskilde pensjonsutbetalarar gir ikkje opp dette i eit samla beløp. Då må du i så fall sjølv leggje saman skatten som har blitt trekt frå kvar utbetaling.
  5. Viss du verken har fått løn, pensjon eller inntekt av lott, og du heller ikkje har betalt skatt så langt i år, kan du skrive 0 i feltane. Hittil-feltane vises frå 1. januar kvart år.
  6. Fyll ut forventa inntekt for heile året. Nokre av opplysningane er fylte ut på førehand basert på det siste skatteoppgjeret ditt eller den siste endringa av skattekortet. Dersom beløpa ikkje stemmer med dine opplysningar, kan du fylle inn nye beløp.
  7. Fyll ut forventa frådrag, det vil seie beløp du kan trekkje frå på skatten. Som hovudregel har du rett til frådrag for alle gjeldsrenter. Dersom fleire er ansvarlege for gjelda, har du berre rett til frådrag for renter for din eigen part av gjelda. Reiseutgifter og utgifter til pass av barn (foreldrefrådrag) er andre døme på frådrag.
  8. Fyll inn det du forventar å ha av formue og gjeld ved utgangen av året.
  9. Du kan leggje til nye postar ved å bruke søkjefeltet øverst i skjermbildet eller ved å klikke på "Legg til..." under dei forskjellige kategoria. For å fjerne ei post kan du sette verdien til 0 eller klikke på søppelkasseikonet over feltet.
  10. Nederst på sida kan du sjå korleis endringane dine påvirker det nye skattekortet ditt.
  11. Trykk på "send inn" nederst på sida.

Arbeidsgivar får det nye skattekortet ditt elektronisk. Du får informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i Altinn. Du treng ikkje levere noko til arbeidsgivar.

Før du endrar skattekortet bør du finne fram dokumentasjon på:

  • Løn. Lønslippen får du anten på papir eller elektronisk frå arbeidsgivaren din.
  • Pensjon. Viss du er pensjonist, treng du dokumentasjon frå NAV eller frå den som betalar ut pensjonen din.
  • Gjeld/formue. Dokument frå banken som viser gjelda di, gjeldsrenter og eventuelt formue.