Kva gjer eg dersom eg vil trekkje meir enn det skattekortet viser?

Du treng ikkje nytt skattekort frå skattekontoret. Ta kontakt med arbeidsgivar/lønningskontoret, eventuelt pensjonsutbetalar, og be om at det blir trekt meir skatt. Etter skattebetalingslova (kap. 5 § 5-5, 2. ledd) pliktar arbeidsgivar å trekkje meir skatt viss du ber om det.

Dersom du er usikker på kor mykje meir skatt du vil trekkje, kan du rekne ut skatten din med kalkulatoren vår. Dei fleste arbeidsgivare vil ha dette skriftleg frå deg.