Arbeid og arbeidsavtalar

Kven kan ta seg arbeid og kor mykje?

Frå du er 13 år kan du ta deg arbeid. Mellom 13 og 15 år har du berre lov til å ha lett arbeid. Er du mellom 15 og 18 år, kan du arbeide med det meste. Du skal likevel ha særleg god opplæring og oppfølging frå arbeidsgivar dersom arbeidet kan vere skadeleg og krev at du er forsiktig. Du kan ikkje ha overtid og heller ikkje arbeide mellom klokka 23 og klokka 6 før du har fylt 18 år. Dagleg arbeidstid pluss skuletid skal ikkje vere meir enn åtte timar.

Det er eigne aldersgrenser for maskin- og krankøyring, for ein del arbeid i jordbruket og på bygg og anlegg. Særskilde aldersgrenser gjeld òg for sal av tobakk og servering av alkohol.

Arbeidsavtale

Du har krav på ein skriftleg arbeidsavtale frå arbeidsgivar. I arbeidsavtalen skal løn, arbeidstid og arbeidsoppgåver gå heilt klart fram.