Skattekort og frikort

Skattekort eller frikort?

Frå det året du fyller 13 år må du ha skattekort viss du har eiga inntekt. Du klarer deg med frikort dersom du ikkje har inntekt over frikortgrensa. Skuleungdom kan bestille fribeløpskort som gir fritak for forskotstrekk inntil ei fastsett beløpsgrense. I dette beløpet skal all skattepliktig løn, sjukepengar, feriepengar og fri kost og losji reknast med. Hugs å rekne med anna inntekt du får utbetalt – både feriepengar du tente opp i fjor og som blir utbetalt i år, og feriepengar du får utbetalt dersom du sluttar i jobben i år. Først når fribeløpsgrensa er brukt opp, skal arbeidsgivar trekkje skatt. Med vanleg skattekort blir det trekt skatt ved kvar utbetaling. Dersom du ikkje har fribeløpskort eller vanleg skattekort, skal arbeidsgivaren trekkje 50 prosent skatt av inntekta. Hadde du frikort i fjor treng du ikkje søke om nytt frikort. Frikortet er allereie tilgjengeleg for arbeidsgivar.

Bestill skattekort.

Bestill frikort.