Sjekk at alt stemmer

  • Skriv ut

Skatteetaten veit ikkje alt om deg, så det er viktig at du sjekkar at opplysningane om grunnlaget for skattekortet ditt stemmer.

I desember sender vi deg informasjon om skattekortet (skattetrekksmelding). På side 2 finn du informasjon om grunnlaget for utrekning av skattetrekket ditt. Sjå døme nedanfor.

Det er viktig at du sjekkar at grunnlaget for utrekninga stemmer.

 

Er du usikker på om informasjonen stemmer? Finn fram dokumentasjonen og dobbeltsjekk:

  • Løn: Lønsslippen får du anten på papir eller elektronisk frå arbeidsgivaren din
  • Pensjon: Viss du er pensjonist, treng du dokumentasjon frå NAV eller frå den som betalar ut pensjonen din.
  • Gjeld/formue: Dokument frå banken som viser gjelda di, gjeldsrenter og eventuelt formue.

Endre skattekort

Har du kjøpt bustad og fått auka renteutgifter, eller skifta jobb og fått høgare løn? Då er det lurt å endre skattekortet, så du ikkje får feil skattetrekk.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.