Forskotsskatt – personleg skattytar

  • Skriv ut

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), er deltakar i ansvarleg selskap eller har andre inntekter eller formue som ikkje er trekkpliktig, skal du betale forskotsskatt.

Det inneber at du betalar skatten så snart inntekta oppstår. Forskotsskatten blir fastsett på grunnlag av det du forventar av overskot.

Nye enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap må difor melde frå til skattekontoret om verksemda, og fortelje kor mykje overskot (eller underskot) dei ventar det første året.

Forskotsskatten blir fastsett på grunnlag av overskot i næringa, i tillegg til andre inntekter og frådrag du måtte ha.

Budsjettert underskot i næring blir ikkje teke med på skattekortet. Det endelege underskotet skal takast med i sjølvmeldinga.

Har du lønnsinntekt i tillegg til overskot næringsinntekt får du vanlegvis rekna ut både eit skattekort og ein forskotsskatt.

Logg inn for å søkje om forskotsskatt.

(Dersom du har inntekter av ein viss storleik som ikkje inngår i skattetrekket nytta av arbeidsgivar (til dømes høge renteinntekter, skattepliktige utleigeinntekter og/eller høg formue), kan dette medføre at du skal betale forskotsskatt.)

Informasjon om storleiken på forskotsskatten går fram av skattetrekksmeldinga. Storleiken på forskotsskatten er utrekna på grunnlag av siste kjende likning, eller ved endring av skattekort/forskotsskatt. Du får tilsendt innbetalingsblankettar fire gongar i året.

Skattepliktige busatt i utlandet med skattepliktig formue i Noreg

Frå og med inntektsåret 2017 mottar du éin samla forskotsskatt, éin skattemelding og eitt skatteoppgjer. Du skal kun foraolde deg til éin skatteoppkrever.

Tidligere har du fått utskrevet forskotsskatt, skattemelding og skatteoppgjer frå kvar enkelt kommune du har hatt skatteplikt til. Nå mottar du eitt samla krav for alle forholda.

Om du har spørsmål om, eller ønskjer å sende inn ein søknad om endring av forskotsskatt, må RF-1102 printes ut og sendes skriftleg til skattekontoret i Vadsø, eller du kan ringe Skatteopplysninga for meir informasjon.

Frist

Forskotsskatten forfell fire gongar i året (15. mars, 15. mai, 15. september og 15. november). 

Betaling

Du får tilsendt innbetalingsblankettar før kvart forfall med konto- og kidnummer. Betal til skatteoppkrevjaren (kommunekasserar, kemner) i den kommunen du skattar til. Dersom du ikkje har innbetalingsblanketten: 

Dersom du går over fristen

Ver nøye med å betale forskotsskatten innan fristen. Når ein termin ikkje er betalt innan fristen (ved forfall), går det fram av skattebetalingslova at forskotsskatten for heile året må betalast. Dette inneber at heile forskotsskatten for inneverande år kan tvangsinndrivast (dvs. utleggsforretning eller utleggstrekk i lønn/pensjon), og skatteoppkrevjaren sender deg då eit varsel.

Ved å betale den ubetalte terminen så fort som mogeleg, unngår du at heile forskotsskattekravet blir tvangsinndrive, og du unngår betalingsmerknad. Det vil seie at du kan betale dei seinare terminane til vanleg forfall. 

 

Du kan enkelt endre skattetrekket

Logg inn for å endre forskotsskatten.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.