ID-kontroll

Alle som skal jobbe i Noreg må gjennomgå ID-kontroll når dei melder flytting og søkjer om skattekort første gong. Då må du møte personleg på skattekontoret for å legitimere deg. Møt opp på eitt av 42 utvalde skattekontor innan åtte dagar etter at du er komen til Noreg.

 

Retningsliner for ID-kontroll

Når du møter på skattekontoret på ID-kontroll, må du vise fram ein del dokumentasjon. Kva slags dokumentasjon som blir kravd, avheng av kvar du kjem frå.

 

Kor lenge skal du jobbe i Noreg?

Har du opphalds- og arbeidsløyve på 6 månader eller meir, skal du registrerast som busett i Noreg og få eit fødselsnummer (særskilt identifikasjonsnummer) som følgjer deg heile livet.

For å melde flytting til Noreg, må du fylle ut skjemaet RF-1401.

Dersom du har opphaldsløyve for mindre enn 6 månader, skal du ikkje registrerast som busett i Noreg. Du må søkje om skattekort og får i samband med dette eit D-nummer (mellombels personnummer). For å få D-nummer, må du òg gjennom ein ID-kontroll.

Ver klar over at det kan ta 3–5 veker å få tilsendt fødselsnummer/D-nummer og få informasjon om skattekortet ditt.

 

Fødselsnummer/D-nummer

Fødselsnummeret blir brukt til å identifisere deg hjå offentlege myndigheiter. Med fødselsnummeret (eller D-nummeret) kan du opne ein bankkonto i Noreg som arbeidsgivaren din kan setje inn løna di på, og som myndigheitene seinare kan overføre pengar til om du har betalt for mykje skatt. Fødselsnummeret nyttar du også til å søkje om fastlege.