Innleiing

Når du er au pair i Noreg, kan du lære om norsk kultur og språk ved å bu hjå ein norsk familie. Samtidig får du lommepengar/løn for å hjelpe familien med enkle arbeidsoppgåver som barnepass og lett husarbeid. I tillegg vil du ha fri kost og losji hjå vertsfamilien. Det du får frå vertsfamilien, må du betale skatt av, men norskkurset som vertsfamilien betalar er skattefritt.

UDI sine nettsider finn du reglane for søknad om opphald i Noreg som au pair.

Etter at du har søkt om og fått opphaldsløyve frå UDI og fått registrert (effektuert) løyvet hjå politiet ved personleg oppmøte, må du møte på skattekontoret for å melde flytting til Noreg. For å kunne melde flytting, må du ha eit opphaldsløyve på 6 månader eller meir. Du vil då få eit fødselsnummer.

Når du skal opphalde deg i Noreg som au pair og få lommepengar frå vertsfamilien, må du ha eit skattekort. Dette kan du søkje om samtidig som du melder flytting til Noreg. Dersom du har opphaldsløyve på mindre enn seks månader, skal du ikkje melde flytting til Noreg, men berre søkje om skattekort. Du vil då få tildelt eit såkalla D-nummer (i staden for fødselsnummer).

Du vil vanlegvis vere medlem i den norske folketrygda frå første dag som au pair i Noreg. Sjekk med NAV om reglane for dette, og kva for andre rettar du har i trygdesystemet.