D-nummer

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Skal du jobbe og opphalde deg i Noreg i mindre enn seks månader, må du ha eit D-nummer for å bli registrert i Folkeregisteret. Eit D-nummer er påkravd for å få skattekort.

Privatpersonar, utdanningsinstitusjonar, arbeidsgivarar, organisasjonar osb. kan ikkje rekvirere D-nummer sjølve. Treng du D-nummer må du henvende deg til ein godkjend rekvirent ut frå kva behov du har.

Arbeidsgivar kan søkje om skattekort og D-nummer for deg.

Skatteetaten rekvirerer D-nummer til deg som er skatte- eller avgiftspliktig i Noreg. Du må møte opp personleg på eitt av 42 utvalde skattekontor for å få D-nummer. Det finst enkelte unnatak frå kravet om personleg oppmøte.

D-nummer blir tildelt:

  • til personar som har ikkje har fødselsnummer og som ikkje skal registrerast som busette i Noreg.
  • ved grunngjeve behov som mellom anna:
  1. å vere skatte- eller avgiftspliktig til Noreg
  2. å ha eit kundeforhold med ein norsk bank
  3. å ha konto i Verdipapirsentralen VPS
  4. å få trygdeytingar frå Noreg
  5. å ha fast eigedom i Noreg
  6. å ha posisjonar i juridiske einingar eller av andre grunnar skulle registrerast i Føretaksregisteret eller Lausøyreregisteret.

Personar som har gyldig arbeids-/opphaldsløyve, eller er EU/EØS/EFTA-borgarar med registreringsbevis (unnatak for nordiske borgarar som ikkje treng arbeids- og opphaldsløyve), og skal opphalde seg i Noreg i 6 månader eller meir, må òg møte opp på eitt av 42 utvalde skattekontor for å melde flytting til Noreg. Dei vil då bli bustadsregistrert og få tildelt eit norsk fødselsnummer.

Ny registreringsstatus inaktiv

Skattetetaten innførde i 2017 ny registreringstatus inaktiv for d-nummer. Ved innføringa vart alle d-nummer utan aktivitet i eit utval av systema til skatteetaten dei siste tre år registrert med ny registreringsstatus inaktiv. Samstundes vart det innført ein tidsbegrensning på alle d-nummer som fører til at alle d-nummer får registreringsstatus inaktiv 5 år etter tildeling. D-nummer med aktivitet i systema til Skatteetaten siste tre år, vil difor registrerast som inaktive i 2022 .

At ein d-nummer har registreringsstatus inaktiv inneber ikkje at d-nummeret har opphøyrt eller at det er sletta.

Inaktivt d-nummer kan reaktiverast av institusjonar som har styresmakt til å rekvirera d-nummer. Skatteetaten reaktiverer inaktivt d-nummer dersom innehavaren søkjer om skattekort eller møter til ID-kontroll på eitt av Skatteetatens 42 ID-kontorer.

Spørsmål og svar

Utenlandsk arbeidstaker

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.