Kva gjer eg når skattekortet gir feil skattetrekk?

Har du kanskje fått eit anna skattetrekk enn kollegaer i same situasjon som du? Dersom du vil undersøkje om skattekortet ditt er feil, kan du søkje om endring av skattekortet. Du kan fylle ut "Søknad om skattekort for utanlandske borgarar" (RF-1209) på nytt med eventuelle nye opplysningar, eller bruke skjemaet "Søknad om endring av eller krav om skattekort/forskotsskatt" (RF-1102).

Har du motteke PIN-koder frå Skatteetaten, kan du søke om nytt skattekort elektronisk på skatteetaten.no