Lønsslipp

Når arbeidsgivaren din betalar ut løn, skal du samtidig få ei kvittering (lønsslipp) som viser bruttoløna og kor mykje skatt som er trekt. Ta vare på kvitteringa. Ho er dokumentasjon på kor mykje skatt du har betalt. Du kan sjølv sjå kva din arbeidsgivar har rapportert til Skatteetaten ved å bestille skjema A08 "Mine inntekter og arbeidsforhold" i Altinn.no.