Skattekort for personar utan norsk fødselsnummer

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Hovudregelen er at dersom du ikkje har norsk fødselsnummer, må du møte opp på skattekontoret for å søkje om skattekort.

Grunnen til at ein krev personleg oppmøte, er at skattekontoret skal utføre ein identitets- og legitimasjonskontroll. Sjå kva for 42 skattekontor som utfører ID-kontroll.

Det finnes noken få unntak frå plikta om oppmøte

Har du møtt opp på skattekontoret for identitets- og legitimasjonskontroll i 2016 eller 2017, treng du ikkje gjere det på nytt for å få skattekort for 2018. Då kan du sende eller levere søknad om skattekort for utanlandske borgarar ferdig utfylt til skattekontoret.

Andre unnatak frå plikta til å møte opp:

  • Utanlandske styremedlemmer i norske selskap som er skattepliktige etter skattelova § 2-3 (1) bokstav e.
  • Personar som får løn frå den norske staten for arbeid utført i utlandet og som er skattepliktige etter skattelova § 2-3 (1) bokstav g.
  • Personar busette i utlandet som får pensjon frå Noreg og som er skattepliktige etter skattelova § 2-3 (4).
  • Utanlandske statsborgarar som berre arbeider på norsk kontinentalsokkel
  • Sjøfolk som arbeider på NIS/NOR fartøy og som er skattemessig busett i utlandet
  • Personar som har D-nummer og som har møtt til ID-kontroll dei to siste årane

Personar som er i ein situasjon der det vil vere svært vanskeleg å møte opp på skattekontoret og legitimere seg for å søkje om skattekort kan søkje om unnatak frå oppmøteplikta for personar. For å få fritak må desse sende skriftleg søknad til skattekontoret med stadfest kopi av pass/ID-dokument, kopi av arbeidskontrakt med opplysningar om varighet og karakteren til opphaldet, utfylt skjema "Søknad om skattekort for utanlandske borgarar" og ei grunngjeving på kvifor det vil vere svært byrdefullt å møte på ID-kontroll.

NB! Alle som flyttar til Noreg frå utlandet, og som har planar om å opphalde seg i landet i minst 6 månader, må melde flytting.

Skattekortet er elektronisk. Det vil seie at du ikkje får det heim i posten, og at du ikkje treng å levere det til arbeidsgivaren din. Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt direkte frå Skatteetaten. Det du får, er informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.