• Skriv ut
  • 1 Jobbe under 6mnd

Dette må du gjere for å kunne jobbe i Noreg:

Du må ha eit skattekort

Om du alt har eit norsk identitetsnummer og tidlegare har møtt personleg på eitt av våre skattekontor, treng du ikkje møte opp ein gong til. Då kan du sende utfylt søknad om skattekort på skjema RF-1209 Søknad om skattekort for utanlandske borgarar i posten til Skatteetaten. Hugs å leggje ved arbeidskontrakt eller oppdragsstadfesting. Her finn du rett adresse.

Du må ha eit norsk identitetsnummer

Dersom du har jobba i Noreg tidlegare har du truleg eit identitetsnummer frå før. Eit norsk identitetsnummer har elleve siffer og kan vere enten eit fødselsnummereller eit D-nummer.

Arbeidsgivaren din treng ditt norske identitetsnummer for å gi deg lønn. Du treng også dette nummeret for å kunne identifisere deg i mange samanhengar.

Du må halde oss oppdatert på kor du bur

Du må melde frå til Skatteetaten om kor du bur, også etter at du har flytta frå Noreg. Du har sjølv ansvaret for at Skatteetaten har rette opplysningar om adressa di.

Offentlege etatar i Noreg brukar adressa du har i folkeregisteret for å sende deg post. Dersom du står med feil adresse, kan du gå glipp av viktig informasjon, for eksempel om du får igjen på skatten.

Bli elektronisk brukar

I Skatteetaten kommuniserer vi elektronisk med brukarane våre. Det er mange fordelar med å bli elektronisk brukar.

Slik blir du elektronisk brukar.

Dersom du framleis lurer på noko, kan du lese meir på skatteetaten.no. Du kan også ringe 800 80 000, frå utlandet +47 22 07 70 00. For English menu, press 9.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.