• Skriv ut
  • 1 Jobbe 6 mnd eller meir

Dette må du gjere for å kunne jobbe i Noreg:

Du må ha eit skattekort

Om du alt har eit norsk identitetsnummer og tidlegare har møtt personleg på eitt av våre skattekontor, treng du ikkje møte opp ein gong til. Då kan du sende utfylt søknad om skattekort på skjema RF-1209 Søknad om skattekort for utanlandske borgarar i posten til Skatteetaten. Hugs å leggje ved arbeidskontrakt eller oppdragsstadfesting. Her finn du rett adresse.

Du må ha eit norsk identitetsnummer

Dersom du har jobba i Noreg tidlegare har du truleg eit identitetsnummer frå før. Eit norsk identitetsnummer har elleve siffer og kan vere enten eit fødselsnummereller eit D-nummer.

Arbeidsgivaren din treng ditt norske identitetsnummer for å gi deg lønn. Du treng også dette nummeret for å kunne identifisere deg i mange samanhengar.

Du må melde flytting

Skal du vere i Noreg meir enn 6 månader, må du melde flytting til Noreg. Du må då møte personleg på eit av desse skattekontora og ha med deg:

  • Gyldig ID-dokument: Pass eller nasjonalt ID-kort som viser bilde, statsborgarskap og kjønn. Vi godtar også førarkort saman med utskrift frå folkeregisteret i det nordiske landet du sist var busett. Utskrifta må vise statsborgarskap og kjønn, og ikkje vere eldre enn tre månader. Den må også vere underskriven og stempla.
  • Utfylt melding om flytting på skjema RF-1401 Melding om flytting til Noreg. Skjemaet finn du også på skattekontoret.
  • Arbeidskontrakt som varer i minst seks månader(dersom kontrakten er eldre enn 3 månader må du ha med ei stadfesting frå arbeidsgivar som viser at den framleis er gyldig).
  • Kontrakt for kjøp av bustad eller leige av bustad i minst seks månader (gjeld ikkje dersom det er barn eller ektefelle som skal bu saman med foreldra eller ektefelle).

Dersom du driv eiga næringsverksemd, må du ha med stadfesting av dette.

Når Skatteetaten har avgjord om du oppfyller vilkåra for å bli registrert som innflytta til Noreg, får du eit svar i posten. Dersom du oppfylle vilkåra, får du eit fødselsnummer. Dersom du ikkje oppfyller vilkåra for å bli registrert som innflytta til Noreg, skal du bruke eit D-nummer som ditt identitetsnummer


Dersom du pendlar mellom Noreg og eit EØS-land, gjeld eigne reglar. Dersom du blir rekna som pendlar, får du eit D-nummer i staden for fødselsnummer.

Du må halde oss oppdatert på kor du bur

Du må melde frå til Skatteetaten om kor du bur, også etter at du har flytta frå Noreg. Du har sjølv ansvaret for at Skatteetaten har rette opplysningar om adressa di.

Offentlege etatar i Noreg brukar adressa du har i folkeregisteret for å sende deg post. Dersom du står med feil adresse, kan du gå glipp av viktig informasjon, for eksempel om du får igjen på skatten.

Bli elektronisk brukar

I Skatteetaten kommuniserer vi elektronisk med brukarane våre. Det er mange fordelar med å bli elektronisk brukar.

Slik blir du elektronisk brukar.

Dersom du framleis lurer på noko, kan du lese meir på skatteetaten.no. Du kan også ringe 800 80 000, frå utlandet +47 22 07 70 00. For English menu, press 9.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.