Trinnskatt i personinntekt blir innført frå 1. januar 2016

  • Skriv ut

Ein ny trinnskatt til staten som blir innført frå og med inntektsåret 2016, skal erstatte toppskatt på høge inntekter. Trinnskatten er ein progressiv skatt på brutto lønn og anna personinntekt, som blir utrekna når inntekta din er høgare enn 159 800 kroner per år. Reglane for trinnskatt gjeld ikkje for 2015, men først frå inntektsåret 2016.

Den nye trinnskatten for personlege skattytarar blir utrekna i lønnsinntekta til den einskilde, og i tilsvarande inntekter som erstattar lønnsinntekt, t.d. sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og pensjon. Trinnskatten består av fire trinn. For dei første 159 800 kroner av personinntekta di skal du ikkje betale trinnskatt.

Trinn 1 Inntekta mellom 159 800 – 224 900 kroner 0,44 % trinnskatt
Trinn 2 Inntekta mellom 224 900 – 565 400 kroner 1,7 % trinnskatt
Trinn 3 Inntekta mellom 565 400 – 909 500 kroner 10,7 % trinnskatt  *
Trinn 4 Inntekta over  909 500 kroner 13,7 % trinnskatt

* busette i Finnmark og Nord-Troms 8,7 %

Om trinna

Trinnskatten har stigande skattesatsar fordelt på fire trinn der dei to nedste trinna får verknad for lågare inntektsnivå enn toppskatten har gjort. Det første trinnet gjeld inntekt i det lågaste inntektsintervallet, og dei andre trinna inntekt utover dette. Innslagspunkta i trinn 3 og 4 svarar til innslagspunkta i toppskatt for 2015, lønnsjustert til 2016-nivå. Satsane og inntektsnivåa er dei same uansett om du blir likna i skatteklasse 1 eller om du blir likna under eitt med ektefelle i skatteklasse 2.

Den nye trinnskatten har samanheng med at skatt på alminneleg inntekt er redusert frå 27 % til 25 % med verknad frå inntektsåret 2016. Alminneleg inntekt er alle typar skattepliktige inntekter med frådrag for alle kostnader med frådragsrett.

Den særskilde skattefordelen i toppskatten (redusert sats) som busette i Finnmark og Nord-Troms har fått tidlegare, er vidareført ved at skattesatsen i trinn 3 er sett til 8,7 % for dei som er busette i denne.

For 2015:

For inntektsåret 2015 betalar du toppskatt på lønn og anna personinntekt over 550 550 kroner per år. Det vil seie at reglane for trinnskatt ikkje gjeld for 2015, men først frå inntektsåret 2016, og då fell samtidig toppskatten bort.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.