Betalingsmisleghald

  • Skriv ut

Alle skatte- og avgiftskrav skal betalast ved forfall. Dersom krava ikkje er betalte ved forfall, eller blir betalte for seint, blir det sett i verk tiltak.

Betalingsplikta fell ikkje bort sjølv om det er usemje om kravet.

Forseinkingsrenter

Ved misleghald av betalingsplikta blir det rekna ut forseinkingsrenter (morarenter). Forseinkingsrenter blir rekna frå forfallstidspunktet og fram til betaling skjer. Rentesatsen blir justert to gonger i året av Finansdepartementet.

Aktuelle tiltak ved betalingsmisleghald

  • utleggsforretning
  • utleggstrekk
  • tvangssal
  • konkurskrav
  • motrekning

Ein må rekne med å få gebyr og/eller betalingsmerknad dersom desse tiltaka blir sette i verk.

Les meir om tiltak for å krevje inn ubetalt restskatt.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.