Sjå skattekrava og skattebetalingane dine

Du kan logge deg inn for å få ei oversikt over gjelda di, beløp du har til gode og inn- og utbetalingar knytte til skattekrav. Ver merksam på at det kan ta nokre dagar før oversikta over inn- og utbetalingar blir oppdatert.

Personlege skattekrav og skattebetalingar

Tenesta gir deg ei oversikt over

  • alle inn- og utbetalingar mellom deg og skattestyresmaktene
  • alle krav som er under fire år gamle, og eldre krav dersom dei framleis ikkje er betalte
  • betalingsdetaljar for krav og inn- og utbetalingar

Du vil ikkje sjå forskottstrekka (skattetrekket arbeidsgivaren din gjer i lønna) i denne oversikta. Ver også merksam på at det kan ta eit par dagar før du kan sjå eventuelle innbetalingar i oversikta over inn- og utbetalingar.

Konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

Du kan bestille ei konto- eller saldoutskrift som viser alle inn- og utbetalingar for ein vald periode. Du får oversikt over innbetalingar du har gjort og kva krav som har vorte dekte.

Krav og betalingar for bedrifter

Dersom du er dagleg leiar i ei bedrift, eller du er innehavar av ei bedrift, kan du sjå ei oversikt over krav og betalingar ved å logge inn på Mi side. Der kan du laste ned oversikta (kontoutskrifta).