Sjå skattekrava og skattebetalingane dine
Du kan logge deg inn for å få ei oversikt over gjelda di, beløp du har til gode og inn- og utbetalingar knytte til skattekrav. Ver merksam på at det kan ta nokre dagar før oversikta over inn- og utbetalingar blir oppdatert.
Personlege skattekrav og skattebetalingar
Tenesta gir deg ei oversikt over
- alle inn- og utbetalingar mellom deg og skattestyresmaktene
- alle krav som er under fire år gamle, og eldre krav dersom dei framleis ikkje er betalte
- betalingsdetaljar for krav og inn- og utbetalingar
Du vil ikkje sjå forskottstrekka (skattetrekket arbeidsgivaren din gjer i lønna) i denne oversikta. Ver også merksam på at det kan ta eit par dagar før du kan sjå eventuelle innbetalingar i oversikta over inn- og utbetalingar.
Konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift
Du kan bestille ei konto- eller saldoutskrift som viser alle inn- og utbetalingar for ein vald periode. Du får oversikt over innbetalingar du har gjort og kva krav som har vorte dekte.
Bestill konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift
Krav og betalingar for bedrifter
Dersom du er dagleg leiar i ei bedrift, eller du er innehavar av ei bedrift, kan du sjå ei oversikt over krav og betalingar ved å logge inn på Mi side. Der kan du laste ned oversikta (kontoutskrifta).