Les dette før du klagar på skatteoppgjeret

  • Skriv ut

Eg vil klage på skatten

Sjekk om du kan rette sjølv eller om du må sende klage.

Restskatt under kr 100 treng du ikkje betale. Tilgodeskatt under kr 100 vert ikkje betalt ut.

Bustadsparing for ungdom

Er grunnlaget for bustadsparing for ungdom (BSU) feil, må du i tillegg til å klage på skatteoppgjeret be banken din om å sende ny melding om beløpet til Skatteetaten. Les meir om BSU-frådraget. 

Pensjonspoeng

Skatteetaten reknar ikkje lenger ut pensjonspoeng. Frå og med inntektsåret 2012 er det NAV som reknar ut pensjonspoeng.

Har du fått restskatt og ikkje betalt han innan 3 år, kan pensjonspoenga bli sette ned.

Omsorgspoeng blir berre registrerte av NAV. Dette gjeld òg den særskilde poengutrekninga etter særreglar for uførepensjonistar. NAV lokalt gir nærmare informasjon om korrekte pensjonspoeng for dei som har uføretrygd og/eller omsorgspoeng.

Ta vare på skatteoppgjeret for ein eventuell seinare kontroll av pensjonspoeng. 

Skatteklasse

Kva skatteklasse du blir sett i, har mykje å seie for kor stort personfrådrag du får. Personfrådraget i klasse 2 er høgare enn i klasse 1. Dersom du har budd i Noreg berre ein del av året, får du personfrådrag for talet på heile og påbegynte månader du har budd i landet.

Ektefellar som blir skattlagt under eitt for begge si samla inntekt, får klasse 2. Skattlegging av inntekt under eitt er mest aktuelt når den eine ektefellen har låg eller inga inntekt. Ektefellar som blir skattlagt særskilt, dvs. at ektefellane sine inntekter blir skattlagt kvar for seg, får klasse 1. Ektefellar der begge har inntekt, blir skattlagt i den klassen som gir lågast samla skatt (anten klasse 2 F eller klasse 1 E). Den samla formuen til ektefellane blir skattlagt under eitt, uavhengig av om inntektene blir skattlagt særskilt eller felles.

Les meir om skatteklassar.

Utnytting av skattefrådraget for ektefelle med låg pensjon

Dersom ein ektefelle har lågare årleg alderspensjon enn 184 800 kroner og ikkje har andre inntekter, blir summen av inntektsskatten og trygdeavgifta lågare enn det maksimale skattefrådraget. Ved å flytte eventuelle kapitalinntekter frå den ektefellen som har høgare pensjon og/eller lønn til den med låg pensjon, slik at den med låg pensjon får nyttiggjort seg skattefrådraget betre, kan de samla sett få lågare skatt. Det same kan ein oppnå dersom ein flyttar kapitalutgifter frå den med lågast pensjon til den med høgast pensjon/lønn. Les meir.

Klage på skatteoppgjeret

Ei eventuell klage på skatteoppgjeret, til dømes på grunn av feil skatteklasse, inntekt, formue, frådrag eller utrekningar av skattar og avgifter, skal sendast til skattekontoret innan 6 veker etter skatteoppgjersdatoen. Datoen finn du øvst til høgre på skatteoppgjeret ditt. Det må gå fram av klaga kva som er feil, og grunngivinga for dette.

Klage på skatteavrekninga

Ei eventuell klage over avrekninga, til dømes på grunn av feil forskotstrekk eller tilleggsforskot, skal sendast til skatteoppkrevjaren innan 3 veker etter at vedtaket er kome fram. Det må gå fram av klaga kva som er feil, og grunngivinga for dette.

Rentegodtgjersle og rentetillegg

Trygda personar som får skatten avgrensa på grunn av låg inntekt, slepp rentetillegg på restskatt.

Sjå reglane og rentesatsane på restskatt for personlige skattytere

Betaling av restskatt

Restskatt under kr 1000 skal betalast innan 3 veker etter at skatteoppgjeret blei sendt ut, men likevel tidlegast 20. august. Ein restskatt på kr 1000 eller meir kan betalast i to like store terminar, 3 og 8 veker etter at skatteoppgjeret blei sendt ut. Dersom du ikkje betaler første termin av restskatten ved forfall, blir òg andre termin rekna for å ha forfalle til betaling på same tid. 

Dersom restskatten ikkje blir betalt innan fastsett tid, blir det lagt til forseinkingsrenter etter dei satsane som til ei kvar tid gjeld. Restskatt som ikkje blir betalt, kan krevjast inn gjennom utleggspant, utleggstrekk, osv. Ved utleggspant kjem det til ytterlegare kostnader, som rettsgebyr osv.

Restskatten skal betalast til fastsett tid, sjølv om du har klaga på fastsettinga. Dette gjeld òg dersom klaga er send til skatteklagenemnda eller skal handsamast av ein domstol.

Ved økning av restskatt etter klagehandsaminga, forfell kravet til betaling 3 veker etter at melding om ny avregning er sendt ut. Restskatt for personlege skattytare skal betalas tidligst saman med annen termin.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.