Slik unngår du renter på restskatten

  • Skriv ut

Alle som veit at dei betalte for lite skatt i fjor, kan velge å betale inn ekstra innan 31. mai for å sleppe renter på restskatten.

Slik gjer du det:

Bruk kontonummeret og KID-nummeret som du finn i skattemeldinga di.

  • Har du ikkje gjort endringar i skattemeldinga, finn du beløpet du skuldar på siste side.
  • Har du gjort endringar i skattemeldinga som kan påverke sluttresultatet, kan du bruke skatteutrekningsprogrammet for å rekne ut beløpet.

Fristen for innbetaling av restskatt blir ikkje påverka av utsett frist for sjølvmeldinga, dersom du har søkt om det. Det blir ikkje teke omsyn til betaling etter fristen ved endeleg skatteavrekning.

Dersom du har betalt inn for mykje restskatt, vil rentene bli godtgjort ved tilbakebetaling. Renta er 0,38 prosent per år utrekna frå 1. juli i inntektsåret fram til forfall for første termin for restskatt i skatteåret som følger. Sjå gjeldende rentesatsar

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.