Sjå krava og betalingane dine

Sjølvbetening

  • Skriv ut
Tenesta "Mine krav og betalingar" gir deg ei oversikt over gjeld, tilgodebeløp og inn-/utbetalingar mellom deg og skatteoppkrevjaren.

Tenesta gir deg oversikt over dette:

  • alle inn- og utbetalingar mellom deg og skattestyresmaktene
  • alle krav som er mindre enn fire år gamle, samt eldre krav dersom dei framleis ikkje er betalte
  • betalingsdetaljar for krav og inn- og utbetalingar

Du ser ikkje forskotstrekk (skattetrekk i lønn frå arbeidsgivar) i denne oversikta. Ver òg merksam på at det kan ta nokre dagar før eventuelle innbetalingar er tilgjengelege i oversikta over inn-/utbetalingar.

Dersom du meiner det er feil eller ting som ikkje stemmer overeins i oversikta di, må du ta kontakt med skatteoppkrevjaren. Finn den lokale skatteoppkrevjaren din.

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.