No kan du sjå kven som har søkt på deg

  • Skriv ut

Stortinget har vedteke at det skal loggast kven som søkjer i skattelistene.

Det inneber at du får vite kven som har søkt på deg og sett opplysningane dine i skattelistene.

Når du har logga deg inn for å søkje i skattelistene, finn du ei eiga fane med statistikk over kven som har søkt på deg.

Du får sjå namn, fødselsår, postnummer og poststad for den som har søkt.

Lista over kven som har søkt på deg og sett opplysningane dine, blir oppdatert ein gong i timen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.