Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

Skattemelding for selskap

Skattemeldingen for aksjeselskap og andre selskapstyper skal leveres gjennom et regnskaps- eller årsoppgjørssystem. 

Fristen er 31. mai hvert år.

Skattemeldingen må leveres selv om selskapet ikke har hatt inntekter.

Slik leverer du skattemeldinga

Berre via eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem

Frå og med 2024 (inntektsåret 2023) skal skattemeldinga/selskapsmeldinga og næringsspesifikasjonen for selskap fyllast ut og sendast inn gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem.

Dette gjeld også om du ikkje har hatt aktiv drift eller omsetning i løpet av 2023.

Det er ikkje lenger mogleg å bruka dei gamle skjemaa i Altinn.

Sjå fleire detaljar om innsendingsprosessen

Desse rollene blir støtta i den nye løysinga:

Skatteforhold for privatpersonar (A0282) (ikkje for aksjeselskap)
Avgrensa signeringsrett (SISKD)
Rekneskapsførar med signeringsrett (A0239)
Rekneskapsførarar utan signeringsrett (A0240)
Ansvarleg revisor (A0237)
Revisormedarbeidar (A0238)
revisorattesterar (A0298)
Kontaktperson NUF (KNUF)

Desse rollene blir ikkje støtta i den nye løysinga:

Revisorrett (REVAI)
Rekneskapsmedarbeidar (REGNA)
Utfyllar/innsendar (UTINN)

I den gamle løysinga var det mogleg å delegere roller til enkeltskjema. Sidan alt no er samla i ei skattemelding/selskapsmelding og ein næringsspesifikasjon, kan du ikkje delegere roller til enkelte delar av desse. Dersom du har ei slik enkeltrolle knytt til eit RF-skjema, og du skal jobbe med den nye skattemeldinga, må du få tildelt ei av rollene som blir støtta i den nye skattemeldinga. 

Rolla du har, avgjer om du har rettar til å skrive/lese/signere. Innsendinga av skattemeldinga/selskapsmeldinga vil framleis gå gjennom Altinn.

  • Viss du har ei av desse rollene i dag, treng du ikkje å gjere noko. Du kan sende skattemelding og næringsspesifikasjon. 
  • Viss du ikkje har ei av desse rollene i dag, og du skal sende skattemelding og næringsspesifikasjon for ein skattepliktig, må du sørgje for å få tildelt ei av rollene slik at du får dei rettane du treng. 

Du finn informasjon om roller og rettar hos Altinn. Det er også Altinn du må kontakte om du lurer på noko om tildeling og delegering av roller og rettar. 

No kjem det ei ny løysing for revisorsignatur i den nye skattemeldinga. Då kan revisor stadfeste skattemeldinga og næringsspesifikasjonen.

Ei ny hjelpeteneste gir tilbakemelding direkte i rekneskaps- eller årsoppgjersprogrammet ved ulogiske tal og differansar, slik at du kan rette feil før innsending.

Du får til dømes tilbakemelding dersom

  • det er avvik mellom årsresultatet og summen av den skattemessige verdien for næringa
  • du har gløymt å leggje til informasjon, til dømes viss du ikkje har oppgitt realisasjonsdatoen for eit driftsmiddel i verksemda

 

Viktig informasjon

Bedrift, og har spørsmål om skattemeldinga? Vi svarer deg.

Sjå direktesende webinar. Du treng ikkje å melde deg på.

Bli kjend med den nye skattemeldinga

Tidlegare leverte selskap ei skattemelding, ei næringsoppgåve og fleire vedleggsskjema. No er alt samla i skattemeldinga og næringsspesifikasjonen.

Her finn du ei oversikt over innhaldet og strukturen i den nye skattemeldinga og næringsspesifikasjonen. I oversikta finn du tema og felt som viser kva Skatteetaten kan trenge av opplysningar frå deg.

 

Alle vedleggsskjema og næringsoppgåver er erstatta av ein næringsspesifikasjon og ei skattemelding. Næringsspesifikasjonen og skattemeldinga er temabaserte. Det er ei omlegging ein kjenner frå skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar. Data som naturleg høyrer saman, er samla. Rekneskapsoppstillinga er utgangspunktet for dette.

Postar, felt og tema

Vi har laga oversikter som viser kvar postane i dei tidlegare RF-skjemaa passar inn i den nye skattemeldinga/selskapsmeldinga og næringsspesifikasjonen.  

Oversiktene er laga spesielt for tenesteleverandørar, rekneskapsførarar, revisorar og andre profesjonelle aktørar. 

Opptak av informasjonsmøte om ny skattemelding:
23. januar 2024 heldt Skatteetaten eit digitalt informasjonsmøte om den nye skattemeldinga for selskap.
Sjå opptak:
Informasjonsmøte del 1
Informasjonsmøte del 2

Frist og utsetjing

Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande er 31. mai kvart år. Du kan søkje om utsetjing, men du må gjere det før fristen går ut.

Blir det vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing. Du kan ikkje søkje om utsetjing etter at fristen har gått ut, så du må vere ute i god tid om dette gjeld deg.

Viss du ikkje leverer innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.

Rekneskapsførarar og revisorar kan også søkje om utsetjing på vegner av klientane sine.

Viktig informasjon

Nokre grupper næringsdrivande har fått automatisk utsett frist i år. Dette gjeld berre for skattemeldinga for inntektsåret 2023, som du leverer i 2024.

Les meir og sjå kva grupper det gjeld

Utanlandske selskap kan søkje om fritak frå levering av skattemeldinga. Fritak kan bli innvilga dersom verksemda di, som er utført i Noreg i inntektsåret, er fritatt frå skattlegging i Noreg etter ei skatteavtale.

Du søkjer fritak ved å logge deg inn og fylle ut kontaktskjemaet. Vel temaet «Skattemelding».

For å unngå tvangsmulkt for manglande levering, bør du sende søknaden i god tid før fristen for leveringa av skattemeldinga.

Spesielt for nokre selskapstypar

Selskap med deltakarfastsetjing (SDF) er ei selskapsform med to eller fleire eigarar, som blir kalla deltakarar. Deltakarane deler ansvar og risiko.

Meir info om selskap med deltakarfastsetjing (SDF).

Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) skal levere skattemeldinga i eit rekneskapssystem eller eit årsoppgjersprogram på same måten som aksjeselskap (AS). 

Nokon utanlandske NUF, som er omfatta av EØS-regelverket, kan få dekt lisens til eit årsoppgjersprogram.

For å komme inn under dette regelverket må selskapet 

  • vere heimehøyrande i ein EØS-stat 
  • ha under 5 millionar i omsetning i Noreg 
  • ha mellombels verksemd i Noreg 

Dersom selskapet dykkar oppfyller desse vilkåra, kan de få lisens til eit årsoppgjersprogram frå Skatteetaten. Ta kontakt med oss via kontaktskjema og vel kategorien "Norskregistrert utanlandsk føretak". I kontaktskjemaet må de oppgi namnet og e-postadressa til ein representant for selskapet med signaturrett.

Dersom de allereie har betalt for eit rekneskapssystem eller årsoppgjersprogram i Noreg, får de ikkje refundert kostnaden. 

Styret for selskapet skal då sende inn skattemelding over den inntekta og formuen som ein krev førehandsfastsett. Det er inntekta fram til den endelege oppløysingsdagen ein skal krevje førehandsfastsett.

Hjelp og støtte til systemleverandørar og samarbeidspartnarar

Ønskjer du tilgang til teknisk dokumentasjon for skattemeldinga, informasjon om korleis du kan teste systemet ditt eller andre nyttige tips, finn du dette på skattemeldinga si side på GitHub:

Du finn også informasjon om den nye skattemeldinga på Altinn digitalisering.