Gi andre tilgang til skatteforholda dine

Du kan mellom anna gi andre tilgang til skattemeldinga, skattekortet og skatteoppgjeret ditt.

Du vel sjølv kven du vil delegere til

Du kan til dømes delegere til

  • privatpersonar
  • revisorar
  • rekneskapskontor
  • rådgivingsfirma

Slik gir du tilgang

Kven vil du gi tilgangen til?

Det er viktig at du berre gir tilgang til personar du stolar på. Personen som får tilgangen vil mellom anna kunne endre og levere skattemeldinga på vegner av deg. Tilgangen varer fram til du fjernar han igjen.

  1. Finn fram namnet og fødselsnummeret til personen du ønskjer å gi tilgangen til.
  2. Logg inn og følg instruksjonane: 

Dette gir du tilgang til

Personen du gir tilgangen til, kan gjere følgjande:

  • bestille, sjå og endre skattekort og forskottsskatt
  • bestille og dele opp frikort
  • sjå, endre eller levere skattemeldinga di
  • søkje om utsett frist for å levere skattemeldinga di
  • sende inn klage og gjere endringar på dei tidlegare skattemeldingane dine
  • endre kontonummeret for utbetaling av eventuelle pengar du har til gode
  • sjå skatteoppgjeret ditt
  • klage på skatteoppgjeret ditt
  • sjå opplysningar om kven du blir skattlagt saman med
  • sjå, søkje eller klage på betaling eller innkrevjing

Tilgangen gjeld ikkje for betalingsinformasjon og varslingar

Merk at tilgangen ikkje gjeld for betalingsinformasjon og varslingar knytte til krav og betaling av skatt. Du må leggje til personen som skal ha tilgang til dokument om betaling og innkrevjing av skatt som ein ny mottakar i Altinn. Viss du får dokument frå Skatteetaten på papir, kan du kontakte oss, så sender vi dokumenta direkte til den personen du har gitt tilgangen til.

Du kan gi den profesjonelle rådgivaren din tilgang på same måten som for privatpersonar, men du kan også gjere det via Altinn. Høyr med rådgivaren din kva hen føretrekkjer.

  1. Logg inn i Altinn, og vel «Profil» i hovudmenyen på toppen.
  2. Vel «Andre med rettar til skjema og tenester».
  3. Vel «Leggje til ny person eller verksemd».
  4. Legg inn fødselsnummer og etternamn, eller organisasjonsnummer og namn.
  5. Trykk på «Har også desse rollene».
  6. Trykk på «+Legg til ny rolle».
  7. Finn og trykk på «Skatteforhold for privatpersonar» i lista.
  8. Trykk så på «Ferdig».

Sjå òg hjelp og rettleiing på altinn.no. Kontakt Altinn dersom du står fast eller har spørsmål.

Tilgangen tar til å gjelde med éin gong

Den som får delegert ein rett, får ein e-post om dette.

Delegeringa gjeld frå og med den datoen du gir tilgangen og fram til du fjernar han igjen.