Important information

This page is not available in English.

1.1 Sjølvmeldingsblankettane med rettleiing

  • Published:

Den nye sjølvmeldinga

For inntektsåret 1998 vil personlege skattytarar som ikkje driv næring motta ei førehandsutfylt sjølvmelding. Dette gjeld også deltakarar i deltakarlikna selskap som ikkje får arbeidsgodtgjering og/eller utrekna personinntekt frå selskapet. Sjølvmeldinga er fylt ut med dei opplysningane skatteetaten allereie sit inne med. Dersom disse opplysningane ikkje er rette eller skattytar har andre inntekts- eller frådragsforhold, må han sjølv rette i sjølvmeldinga eller gi tilleggsopplysningar. For nærmare omtale av dei enkelte postane viser vi til rettleiinga.

Rettleiing til den nye sjølvmeldinga (RF-2039)

Det er utarbeidd ei ny rettleiing til den nye sjølvmeldinga. Teksten som gjeld dei enkelte postane er i stor grad ei vidareføring av rettleiinga til sjølvmeldinga for 1997.

Sjølvmeldingsblankett for næringsdrivande mm (RF-1027)

Skjema RF-1027 skal frå og med inntektsåret 1998 i hovudsak nyttast av dei som driv næring, Svalbard-skattytarar, sokkelarbeidarar og personar som etter skattereglane ikkje er busette i Noreg.

Post 3.2.8: I feltet for "Avstand" er teksten endra til "km tur/retur".

Post 4.1.3: Sjølve postnummeret 4.1.3 er flytta frå tekstfeltet og ut i høgre kolonne.

Postane 4.1.4 - 4.1.9: Det er gjort ein del endringar i postane 4.1.4 - 4.1.9. Dette er gjort for å tilpasse postane til data som blir melde til Skattedirektoratet frå forvaltningsselskap og Verdipapirsentralen.

Partar i verdipapirfond skal no behandlast i eigne poster (post 4.1.4 for aksjefond og post 4.1.5 for obligasjons- og pengemarknadsfond). Dette gjeld anten dei er registrerte i VPS eller ikkje. Andre verdipapir blir også behandla i eigne poster, men i disse tilfella blir det skilt mellom om dei er registrerte i VPS eller ikkje. Verdipapir registrerte i VPS skal førast i post 4.1.7. Verdipapir som ikkje er registrerte i VPS, skal førast i post 4.1.8.

Som ei følgje av desse endringane er post 4.1.9 teken ut.

Postane 4.2.1 og 4.2.2: Kolonnen til høgre på skjema der ein skal føre nettobeløpet av verdien av innbo og lausøyre, har fått eige postnummer. Dette er post 4.2.3.

Post 4.2.3: Nytt postnummer er post 4.2.4.

Post 4.2.4: Nytt postnummer er post 4.2.5.

Post 4.2.5: Nytt postnummer er post 4.2.6.

Rettleiing til sjølvmelding for næringsdrivande m m for 1998 (RF-2003)

Fordi RF-1027 no berre skal brukast av dei som driv næring m m er rettleiinga betre tilpassa næringsdrivande. Mellom anna er den delen av den tidlegare "Veiledning for skattytere med kompliserte inntekts- og fradragsforhold" som gjaldt næring, no innarbeidd i rettleiinga til sjølvmelding for næringsdrivande m m.

Presisering til side 27. Avsnittet under "Post 4.3 Faste eigedommar, anlegg, skog m m" skulle starta med: For 1998 skal det gjennomførast ei generell oppjustering av likningsverdien på bustad-/fritidseigedommar og andre faste eigedommar med 5 prosent. Auken gjeld ikkje skogeigedommar.

"Veiledning for skattytere med kompliserte inntekts- og fradragsforhold" er gått ut.

Spesifikasjon av postane 3.1.1, 3.1.2, 3.1.4, 3.3.1, 4.1.1, 4.1.4, 4.1.5, 4.1.6, 4.1.7, 4.1.8 og 4.8.1 i sjølvmeldinga (RF-1006)

På grunn av dei endringane som er gjort i postane 4.1.4 - 4.1.9 i sjølvmeldinga er det også gjort endringar i RF-1006 slik at postane korresponderer.

Skjemaet heng saman med rettleiinga til sjølvmeldinga for næringsdrivande m m, og kan klippast ifrå. Det ligg også føre som eige skjema (RF-1006).

Skjemaet er ikkje teke inn i rettleiinga til den nye sjølvmeldinga.

Sjølvmelding for aksjeselskap, aksjefond, bankar og andre upersonlege skattytarar (RF-1028)

Skjemaet som før heitte "Sjølvmelding 2", heiter no "Sjølvmelding for aksjeselskap, aksjefond, bankar og andre upersonlege skattytarar" - forkorta til "Sjølvmelding for aksjeselskap m m".

Nytt: Sjølvmelding skal berre leverast til likningskontoret i hovudkontorkommunen.

Til side 1: Ein skal ikkje lenger gi opplysningar i sjølvmeldinga om telefon, bransje og namn, adresse og fødselsnummer til dagleg leiar. Årsaka til at desse opplysningane er fjerna, er at dei står i Einingsregisteret.

Formålet med Einingsregisteret er å redusera oppgåveplikta til næringsdrivande. Opplysningar som meir enn ein etat skal ha, skal berre rapporterast ein gong, og det offentlege kan bruke opplysningar som er samla inn av ein annan etat.

Til side 2-4: Det er ingen endringar i postane på skjemaet, men nokre rubrikkar på side 2 er fjerna pga at aksjeselskap m m berre skal liknast i ein kommune.

Retting til post 303, side 3 i nynorskutgåva: Årstalet skal vere 1998 og ikkje 1997.

Rettleiing til Sjølvmelding for aksjeselskap m m (RF-2016)

Rettleiinga har ingen andre endringar enn dei som følgjer av at aksjeselskap og andre upersonlege skattytarar for inntektsåret 1998 kun skal svare statsskatt.

Korrekturfeil: I "boks" på første side i bokmåls-utgåva, under andre avsnitt "Nytt", femte linje står: "andre skattytarar enn personlige dødsbo" skal vere: "andre skattytare enn personlige og dødsbo".