This page is not available in English.
1.10 Skjema som gjeld kraftføretak som får inntekta fastsett etter særreglane i skattelova § 19 A flg
Kraftverk skulle frå og med inntektsåret 1997 betale naturressursskatt og grunnrenteskatt i tillegg til dei ordinære skatteartane som gjeld for all anna næringsverksemd. Vidare har kraftføretak enkelte særreglar ved fastsetjinga av almenn inntekt. På grunn av særreglane, er det utarbeidd fleire særskilte skjema for kraftføretak. Desse skjemaa kjem i tillegg til dei ordinære næringsskjemaa.
Fastsetjing av formuesverdien i kraftanlegg ( RF-1095)
Dette skjemaet er nytt frå og med inntektsåret 1998. Skjemaet er eit vedlegg til sjølvmeldinga for selskap og bruttolikna deltakarar.
Skattytar som eig kraftanlegg med generator som i inntektsåret har ei samla påstempla merkeyting på 10 000 kVA eller mer, skal ved fastsetjinga av formuesverdien i anlegget nytte dette skjemaet. Det skal nyttast eit skjema for kvart kraftanlegg.
Formue i kraftanlegg med generator som i inntektsåret har ei samla påstempla merkeyting på under 10 000 kVA skal fastsetjast til verdien etter skattereglane per 1. januar 1999. Dei skal såleis ikkje levere dette skjemaet.
Rettleiing til fastsetjing av formuesverdien i kraftanlegg er trykt som eige vedlegg (RF-1196).
Vedlegg til sjølvmeldinga ( RF-1151)
Dette vedlegget korrigerer allmenn inntekt i sjølvmeldinga (RF-1028) for å ta omsyn til særreglane for kraftforetak. Grunnlaget for utrekninga av naturressursskatten skal overførast til skjemaet frå RF-1157. Grunnrenteinntekta skal ein overføre til dette skjemaet frå RF-1153.
Vedlegget til sjølvmeldinga for kraftføretak har eit eige fastsetjingsfelt. Likningskontoret må derfor sjå bort frå fastsetjngsfeltet i sjølvmeldinga (RF-1028).
Skjemaet har fått ein ny post 27 A der ein kan krevje å framføre unytta naturressursskatt frå inntektsåret 1997 medrekna rente.
Rettleiing til skjemaet er teken inn på side 3 og 4.
Avskrivingsgrunnlag og utrekning av årlege avskrivingar m m for særskilde driftsmiddel og påkostningar i krafverk (RF-1152)
Berre små justeringar frå inntektsåret 1997. Det er ikkje lenger nødvendig å gjennomføre utrekna avskrivningar av di dei berre var eit middel for å kome fram til verdien etter skattereglane per 01.01.97. I ny post 13 skal ein hente verdi etter skattereglane per 01.01.98 frå RF-1152 post 17 for 1997 (utgåande verdi etter skattereglane verdi for inntektsåret 1997).
Kolonne II (vinst-/og tapsberekning) er delt inn i to kolonnar. I kolonnen til høgre skal ein føre utgangsverdien (vederlaget ved realisasjon). I kolonnen til venstre skalein rekne ut inngangsverdien. Inngangsverdien skal sumerast i høgre kolonne i post 18 og utgangsverdien skal trekkjast frå slik at ein kjem fram til vinst/tap i post 19. Sjå nærmare om dette i rettleiinga. Rettleiing står på baksida.
Grunnrenteskatt til staten (RF-1153)
Skjemaet har fått fleire nye postar. Kraft levert etter kontrakt skal ved utrekninga av brutto grunnrenteinntekt spesifiserast i større grad enn i skjemaet for inntektsåret 1997.
Det er kome til to nye postar heilt til slutt, sjå ny post 54 og ny post 55. Her kan framførbar negativ grunnrente frå inntektsåret 1997 medrekna rente trekkast frå grunnrenteinntekta for 1998. Framførbar negativ grunnrenteinntekt medrekna rente går fram av vedlegget til skatteoppgjeret 1997.
Fleire postar har fått nytt nummer utan at dette inneber materielle endringar.
Rettleiing står på side 3 og 4.
Naturressursskatt (RF-1157)
I dette skjemaet er det i hovudsak berre endra årstal.