This page is not available in English.
Samandrag
I denne meldinga gir Skattedirektoratet ei orientering om dei viktigaste skjemaendringane og informasjon om nye skjema for inntektsåret 1998. For nærare kommentarar til utfylling av dei einskilde skjema viser vi til skjemaet med rettleiing.
Viktige endringar er m a:
- Den nye sjølvmeldinga For inntektsåret 1998 vil personlege skattytarar som ikkje driv næring motta ei førehandsutfylt sjølvmelding. Denne gjeld også deltakarar i deltakarlikna selskap som ikkje får arbeidsgodtgjering og/eller utrekna personinntekt frå selskapet. Sjølvmeldinga er fylt ut med dei opplysningane skatteetaten allereie sit inne med. Dersom disse opplysningane ikkje er rette eller skattytar har andre inntekts- eller frådragsforhold, må han sjølv rette i sjølvmeldinga eller gi tilleggsopplysningar. For nærmare omtale av dei enkelte postane viser vi til rettleiinga.
- Rettleiing til den nye sjølvmeldinga (RF-2039) Det er utarbeidd ei ny rettleiing til den nye sjølvmeldinga. Teksten som gjeld dei enkelte postane er i stor grad ei vidareføring av rettleiinga til sjølvmeldinga for 1997.
- Sjølvmeldingsblankett for næringsdrivande m m (RF-1027) Skjema RF-1027 skal frå og med inntektsåret 1998 i hovudsak nyttast av dei som driv næring, Svalbard-skattytarar, sokkelarbeidarar og personar som etter skattereglane ikkje er busette i Noreg.
- Rettleiing til sjølvmelding for næringsdrivande m m for 1998 (RF-2003) Fordi RF-1027 no berre skal brukast av dei som driv næring m m, er rettleiinga betre tilpassa næringsdrivande. Mellom anna er den delen av "Veiledning for skattytere med kompliserte inntekts- og fradragsforhold" som gjaldt næring, no innarbeidd i rettleiinga til sjølvmelding for næringsdrivande m m. "Veiledning for skattytere med kompliserte inntekts- og fradragsforhold" er gått ut.
- Sjølvmelding for aksjeselskap, aksjefond, bankar og andre upersonlege skattytarar (RF-1028) Skjemaet som før heitte "Sjølvmelding 2", heiter no "Sjølvmelding for aksjeselskap, aksjefond, bankar og andre upersonlege skattytarar" - forkorta til "Sjølvmelding for aksjeselskap m m".
- Nytt: Sjølvmelding skal berre leverast til likningskontoret i hovudkontorkommunen.
- Skjema for utrekning av personinntekt (RF-1224) Skattelova § 61 er med verknad frå inntektsåret 1998, endra slik at utrekna personinntekt fra føretak som tidligare kom inn under reglane for høgt tak, ikkje lenger skal avgrensast. Det er på dette grunnlag gjennomført ei språkeleg endring av rubrikken nedst på side 2.
Reglane for verdsetjing av aksjar er endra med verknad frå inntektsåret 1998. Dette går fram av rettleinga til Formular nr 3 (RF-1002). Børsnoterte aksjar skal verdsetjast til kursverdien 1. januar i likningsåret, medan aksjar noterte på SMB-lista ved Oslo Børs skal verdsetjast til 65 prosent av kursverdien 1. januar i likningsåret. For ikkje-børsnoterte aksjar skal i ein regelen leggje til grunn 65 prosent av den delen som tilfell kvar aksje av formuesverdien etter skattereglane i aksjeselskapet 1. januar i inntektsåret. Partar i verdipapirfond skal verdsetjast til partsverdien pr 1. januar i likningsåret.
- Nye skjema i 1998:
- Skjema som gjeld nedsetting av inntektsskatt på lønn og pensjon etter den alternative fordelingsmetoden (RF-1150) Når det i skatteavtale er fastsett at dobbeltskattlegging av inntekt skal hindrast ved den alternative fordelingsmetoden, skal skjemaet "Nedsetting av inntektsskatt på lønn og pensjon etter den alternative fordelingsmetoden" nyttast for å fordele inntekter og utgifter som er ført i sjølvmeldinga mellom Noreg og utlandet.
- Fastsetjing av formuesverdien i kraftanlegg ( RF-1095) Skjemaet er eit vedlegg til sjølvmeldinga for selskap og bruttolikna deltakarar. Skattytar som eig kraftanlegg med generator som i inntektsåret har ei samla påstempla merkeyting på 10 000 kVA eller meir, skal ved fastsettinga av formuesverdien i anlegget nytte dette skjemaet. Det skal nyttast eitt skjema for kvart kraftanlegg.