Viktig informasjon

Denne siden er ikke tilgjengelig på bokmål.

Pressemelding

Fiskebruk må betale skatt og avgift utanlandske selskap har unndratt

  • Publisert:

Ni fiskebruk i Nord-Noreg må betale millionbeløp for unndratt forskotstrekk og arbeidsgivaravgift etter at fiskebruka leigde inn arbeidskraft frå selskap i Aust-Europa.

– Verksemder som leiger inn arbeidskraft må vere klare over regelverket når verksemda skal hyre inn arbeidskraft. Bruk av entreprisekontraktar i situasjonar der det i realiteten er arbeidsinnleige kan føre til at verksemda blir medansvarleg for manglande innbetaling av skatt og avgift, seier Odd Woxholt, divisjonsdirektør for divisjon innsats i Skatteetaten.

Har ikkje levert entrepriseoppdrag

Etter ein tverretatleg a-krimkontroll i fiskeindustrien leia av a-krimsenteret i Nordland, gjennomførte Skatteetaten eigne kontrollar hos ni austeuropeiske selskap som har hatt oppdrag i fiskeindustrien.

Kontraktane mellom dei austeuropeiske selskapa og dei norske fiskebruka var melde inn til Skatteetaten som entreprisekontraktar, der dei utanlandske selskapa har eit sjølvstendig ansvar for produksjonen.

– Dei austeuropeiske selskapa har ikkje levert entrepriseoppdrag, men har leigd ut arbeidskraft til dei norske fiskebruka. Ved arbeidsinnleige kan oppdragsgivar bli ansvarleg for oppdragstakar si manglande betaling av skattar og avgifter, seier Woxholt.

Dermed endar skatterekninga på vel 2,5 millionar kroner opp hos ni norske fiskebruk, som må betale for unndratt forskotstrekk og arbeidsgivaravgift som skulle komme fellesskapet til gode.

Konkursar i utlandet

– I desse ni sakene har vi forsøkt å krevje inn pengane frå selskapa i Aust-Europa, men desse selskapa er konkurs. Dermed er det ingen verdiar å hente i utlandet, og vi rettar derfor krava til dei norske fiskebruka, fortel Woxholt.

Skatteetaten er kjent med saker der utanlandske selskap blir oppretta og avvikla i løpet av kort tid.

– Vi ser at dette blir gjort for å gjere kontroll og plassering av ansvar vanskelegare, seier Odd Woxholt, divisjonsdirektør for divisjon innsats i Skatteetaten.

Fiskeri- og havbruksnæringa er ei arbeidsintensiv næring som i stor grad er prega av sesongarbeid. Mange norske aktørar bruker utanlandsk arbeidskraft.

– Fiskeindustrien er ei viktig primærnæring som skaper store samfunnsverdiar. Det er derfor viktig at Skatteetaten og andre kontrollstyresmakter følgjer opp bransjen gjennom rettleiing, slik at vi oppnår rett praksis, og kontroll, for å avdekkje lovbrot, seier Woxholt.

Viktig informasjon

Her forklarer Skatteetaten skilnaden mellom entreprise og arbeidsinnleige: