Pressemelding
Skatteetaten åtvarar: Mange forsøk på svindel når skattekorta blir tilgjengelege
Måndag 16. desember får dei fleste nordmenn melding om at skattekortet er klart for å bli sjekka. Dette blir utnytta av svindlarar som driv med phishing.
– Skatteetaten sender aldri lenkjer i e-postar eller SMS-ar uoppmoda, seier Skatteetatens tryggingsdirektør Ragna Fossen.
Logg alltid inn via skatteetaten.no eller altinn.no
– Det beste vernet mot svindel er at du sjølv går til skatteetaten.no eller altinn.no og loggar inn der. All elektronisk kommunikasjon vi har med skattytarar som omfattar sensitive opplysningar, skjer innlogga via skatteetaten.no og altinn.no, seier Fossen.
Skattekortet kjem 16. desember
Den 16. desember går det ut meldingar til alle med inntekt eller formue om at skattekortet er klart og bør sjekkast. Du må då, som alltid når vi sender ut meldingar, gå til skattetaten.no eller altinn.no og logge deg inn for å sjekke at opplysningane vi har om deg og formuen og inntekta di stemmer.
Skatteetaten ser alvorleg på slike svindelforsøk og melder jamleg slike til politiet.
Dette må du gjere om du har fått eit forsøk på ein e-post-svindel:
- Ikkje gi noko av informasjonen det blir bede om, eller svar på SMS-ar eller e-postar som du er usikker på. Ikkje trykk på lenkjer eller vedlegg, men slett e-posten.
- Har du gitt kort- og kodeopplysningar som det vart spurd etter i ein slik falsk e-post, må du kontakte banken og sperre kort og kontoar snarast råd.
- Send gjerne vidare mistenkjelege SMS-ar eller e-postar til [email protected]. Det gjer at vi kan oppdage nye variantar raskare.
- Ta også gjerne kontakt med politiet. Der kan du få råd om kva du bør gjere vidare.
Her kan du sjå fleire tips for å unngå svindel og døme på falske meldingar som gir seg ut for å vere frå Skatteetaten: https://www.skatteetaten.no/om-skatteetaten/sikkerhet/svindel/