Kunngjøring

Skattetrekket i 2005

  • Publisert:

Satsar for trekkpliktige naturalytingar mv.

Fri kost og losjiSatsar per døgn
Fritt opphald - kost og losji kr 93
Fri kost - alle måltida kr 68
Fri kost - to måltid kr 53
Fri kost - eitt måltid kr 35
Fritt losji - eitt eller delt rom kr 25

 

Skattedirektoratets forskottssatsar for trekkfri
kostgodtgjering
Satsar

For arbeidstakarar som bur på pensjonat eller hybel/brakke utan høve til å koke
mat (og som ville hatt krav på frådrag for meirutgifter til kost)

kr 251
For arbeidstakarar som bur på hybel/brakke der det er høve til å koke mat eller
har overnatta privat (og som ville hatt krav på frådrag for meirutgifter til kost)
kr 166

Godtgjering til kost ved pendlaropphald er ikkje lengre trekkfritt.

Fordel ved privat bruk av firmabil
Fordelen blir fastsett til 30 prosent av bilens listepris som ny inntil 235 000 kr og 20 prosent av overskytande listepris.
For: 

  • bilar eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret, eller 
  • skattytare som godtgjer at yrkeskjøringa overstig 40 000 km i
    inntektsåret, eller 
  • el-bilar

blir fordelen rekna av berre 75 prosent av bilen sin listepris som ny. Ved kombinasjon av to eller fleire av dei punkta ovanfor reknast den berre av 56,25 prosent av bilen sin listepris som ny.
Ved firmabilordning i delar av inntektsåret, blir fordelen fastsett forholdsmessig for det tal heile og påbegynte månader bilen har stått til disposisjon.

Sats for trekkfri reisegodtgjering - heimreise for pendlar

Trekkfri reisegodtgjering for heimreise for
pendlar (ikkje dagpendlar) som arbeidsgivar dekkjer
Sats
per km inntil 35 000 km per år kr 1,40
per km over 35 000 km per år kr 0,70

Kjøregodtgjering for yrkes- eller tenestekjøring er trekkfri dersom godtgjeringa ikkje overstig satsane i statleg regulativ.

Rentefordel ved rimelege lån i arbeidsforhold

Normrentesats i januar og februar 2005 2,5 pst.

Eventuelle seinare endringar i rentesatsen vil gå fram av http://www.skatteetaten.no/ under “Tabeller og satser”.

Andre trekkpliktige naturalytingar
Verdi av andre naturalytingar, sjå forskrift av 21. juni 1993 nr. 546, jf. Skattedirektoratets melding Sk nr. 12/1993.

Oslo,  22. desember 2004

footer/desktop/standard