1.11 Skjema som gjeld frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag)
Skjemaa og rettleiingene til skjemaa er foreligg på båe målføre for inntektsåret 1998.
Endringar i skjema:
Det er ikkje gjort nokon viktige endringar i:
- RF-1145 "Frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) for aksjeselskap m m og deltakarlikna selskap",
- RF-1147 "Frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) for lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande", og
- RF-1149 "Tilleggsskjema til RF-1145 og RF-1147 om kreditfrådrag".
Endringar i rettleiingene:
Det er berre gjort nokre få endringar i rettleiinga til skjemaet "Frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) for lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande" (RF-1147). Endringane er gjort for å tilpasse rettleiinga til skjemaet "Nedsetting av inntektsskatt på lønn og pensjon etter den alternative fordelingsmetoden" (RF-1150) og den nye sjølvmeldinga for personlege skattytarar.
I post 2.2.1 og post 2.2.2 er det teke inn at dersom lønnsinntekta er skattepliktig til eit anna nordisk land eller pensjonen kjem frå eit anna nordisk land, skal han ikkje førast i desse postane, men i skjemaet "Nedsetjing av inntektsskatt på lønn og pensjon etter den alternative fordelingsmetoden".
Post 3.2 og 4.2 Foreldrefrådraget er ikkje lenger knytt til inntekt av arbeid, og skal derfor fra og med inntektsåret 1998 fordelast etter den indirekte metoden i post 4.2. Foreldrefrådraget er stroken i post 3.2.
I post 4 og 4.1 er det som følgje av nye postar i den nye sjølvmeldinga for personlege skattytarar gjort endringar i omtalen av korleis ein skal finne den delen av utgiftene som skal tilordnast utlandet etter den indirekte metoden og som skal førast i skjemaet.
I tillegg er det i rettleiinga presisert kva for renter av gjeld som skal fordelast i post 4.1.
Post 7 Formue og gjeld i utlandet er no samla i post 7. 1 til 7.4, noko som har ført til at post 8 og post 9 er tekne ut av skjemaet.
I post 7.3 er det som følgje av nye postar i den nye sjølvmeldinga for personlege skattytarar gjort endringar i omtalen av korleis ein skal finne den del av gjelda som skal førast i skjemaet.
I tillegg er det i rettleiinga presisert kva for gjeld som skal fordelast i post 7.3.
Skattytarar som både har inntekt som kjem inn under reglane om den alternative fordelingsmetoden og om kreditmetoden, skal fylle ut både skjemaet RF-1147 og skjemaet "Nedsetting av inntektsskatt på lønn og pensjon etter den alternative fordelingsmetoden" (RF-1150).