1.5 Skjema for utrekning av personinntekt med rettleiing (RF-1224 og RF-1225)

  • Publisert:

Endringar i skjemaet:

Skattelova § 61 er med verknad frå inntektsåret 1998 endra slik at utrekna personinntekt fra føretak som tidligare kom inn under reglane for høgt tak, ikkje lenger skal avgrensast. Det er på dette grunnlag gjort ei språkeleg endring av rubrikken nedst på side 2.

I post 7.8 er 6 gonger grunnbeløpet feilaktig avrunda til kr 266 400. Dette beløpet skal ikkje avrundast, og skal følgjeleg vere kr 266 478.

Endringar i rettleiinga:

Innleiinga og post 5.3

Skattelova § 57 første ledd er endra med verknad frå inntektsåret 1998. I deltakarlikna selskap går godtgjering til deltakar for arbeid i selskapet no inn i overskottsdelen. Det er gjort merksam på endringa i innleiinga og i rettleiinga til post 5.3.

Post 3.11

Maksimal kapitalavkastingsrate for 1998 er 11,0 prosent.

Post 7.18

Etter endring av skattelova § 61 skal personinntekt frå føretak som tidlegare kom inn under reglane om høgt tak på utrekna personinntekt ikkje lenger avgrensast. Endringa gjeld frå og med inntektsåret 1998. Endringa er omtalt i post 7.18 i rettleiinga.