1.6 Skjema som gjeld aksjonærskattlegginga
Aksjonærskattlegginga - Formular nr 2 (RF-1001)
I rubrikken øvst på skjemaet er det presisert at selskap som gir dei aktuelle opplysningane via Verdipapirsentralen (VPS), ikkje treng levere formular 2.
I rubrikkane for "Kor mange aksjar m m" og "Kva aksjen m m lyder på" er det presisert at det er talet på aksjar pr 1.1.1999 og kva aksjen lyder på pr 1.1.1999 som skal førast opp. I rubrikken for utbytte er det gjort ei språkleg presisering.
Aksjonærskattlegginga - Formular nr 3 (RF-1002)
I tillegg til nokre språklege korreksjonar og endringar av årstal m m, er det i rubrikken for samla tal på aksjar (partar) og grunnfondsbevis teke inn ein rubrikk for talet pr 1.1.1998 (i tillegg til talet pr 1.1.1999).
Aksjonærskattlegginga - Formular nr 4 (RF-1003) - utland
Skjemaet er endra på grunn av nye skatteavtalar med Gambia, Nepal, Slovenia og Venezuela. Etter den nye skatteavtalen med Gambia skal den ordinære satsen for kildeskatt på aksjeutbytte no vere 15 prosent.
Oppgåve over realisasjon av aksjar m m (RF-1061)
I tillegg til nokre språklege korreksjonar og endringar av årstal m m, er følgjande gjort:
Post 204 (korrigering av inngangsverdi med utdelt utbytte) er delt i to, slik at det kjem tydeleg til uttrykk kva for utbytte som skal komme til frådrag og kva for utbytte skattytar kan føre opp.
Rettleiing til oppgåve over realisasjon av aksjar m m (RF-1248)
Rettleiinga er for ein stor del uendra, men det er gitt enkelte utfyllande merknader til post 204 (korrigering av inngangsverdi med utdelt utbytte).
Spesifikasjon av utanlandske aksjar og ihendehavarobligasjonar RF-1232
Det er presisert på skjemaet at utanlandske ihendehavarobligasjonar skal verdsetjast til kursen 1. januar 1999. Er det ikkje notert nokon kurs, eller kursen ikkje er kjend, skal obligasjonane verdsetjast til pårekna salsverdi.
RISK-konsern pr 1.1.1999 (RF-1238)
I tillegg til endringar av årstal og enkelte språklege korreksjonar, er det ført opp organisasjonsnummer som eigen rubrikk under "Opplysningar om realisasjon av aksjar i RISK-konsernet" og "Opplysningar om tidlegare tilordna RISK ved fusjon av heleid dotterselskap i RISK-konsernet".
Fastsetjing av RISK per 1.1.1999 (RF-1239)
Utanom endring av årstal, er det berre mindre språklege korrigeringar. I rettleiinga til post 13 er det presisert at korrigeringar etter selskapsskattelova § 5-3 nr 4 og 5 (post 204 i RF-1061) ikkje skal førast i denne posten på RISK-utrekningsskjemaet.
Aksjonærbidrag - 1998 Utrekning av underskott (RF-1205)
Årstala er endra. På side 2, andre spalten første avsnittet er "(nå § 9-2)" lagt til. I same spalten under Forskrift nr 100 ........ er § 8-2 i parentesen endra til § 9-2.
Aksjonærbidrag - 1998 Opplysningar om innbetalt bidrag (RF-1207)
Årstala er endra. Same endring som på RF-1205 under Forskrift nr 100..... . Under "Utdrag av forskrift av 5. mars 1984 ....." er paragrafen endra frå § 6 til § 5.