1.9 Skjema som gjeld reiarlag som krev at inntekta blir fastsett etter særreglane i skattelova § 51 A

  • Publisert:

Selskapsoppgåve/særskild næringsoppgåve for ansvarleg selskap, kommandittselskap og NOKUS-selskap (RF-1184)

På side 4 er dei tidligare postane 16 "rentekostnad på ilikna skatt" og 20 "renteinntekt på tilbakebetalt skatt" tekne bort, da desse postane ikkje er aktuelle for deltakarlikna selskap og NOKUS-selskap.

Tidligare post 22, noverande post 20, er endra til "rekneskapsmessig tap/vinst ved realisasjon av børsnoterte aksjar". På same måte er tidligare post 23, noverande post 21, endra til "Skattemessig gevinst/tap ved realisasjon av børsnoterte aksjar". Dette inneber imidlertid inga realitetsendring da dette tidlegare har gått fram av rettleiinga.

Rettleiing til selskapsoppgåve/særskild næringsoppgåve for ansvarleg selskap, kommandittselskap og NOKUS-selskap mv er trykt på eige vedlegg (RF-1185).

Oppgåve over deltakars inntekt i ansvarleg selskap, kommandittselskap og NOKUS-selskap mv (RF-1186)

På dette skjemaet er det berre årstal som er endra.

Skjemaet har rettleiing på baksida. I innleiinga i rettleiinga er det teke inn følgjande: "Selskapet skal fylle ut selskapets/detakars namn, adresse m m og postane 150-154, 158-160 og 165. Deltakaren skal fylle ut postane 155-157, 161-164 og 166-172."

Sjølvmelding og særskild næringsoppgåve (RF-1190)

På side 4 er det lagt til ein ny post 37. Tidlegare post 37 er post 38. Ny post 37 heiter:"Inntektsoppgjer etter skattelova § 51 A-5 nr 3, for selskap som trer inn i ordninga i 1998 (spesifiserast på eige vedlegg)"

Nedst på side 4: "30% utrekna verdi per aksje" er endra til "65% utrekna verdi per aksje".

Rettleiing til sjølvmelding og særskild næringsoppgåve er trykt på eige vedlegg (RF-1191).Det er teke inn eit avsnitt om inntektsoppgjer etter skattelova § 51 A-5 nr 3 (post 37).

Utrekning av skattepliktig utbytteinntekt. Føring av konto for tilbakehalden skattlagd inntekt (RF-1192)

Det er teke inn to nye postar. Post 81: "Mellombelse skilnadar knytte til konserninterne overføringar gjort i 1998 (Spesisfiserast på eige vedlegg)". Post 82: "Diverse (Eks: RISK på realiserte aksjar)" Tidlegare post 81 osb har fått post nr 83 osb.

Skjemaet har rettleiing på baksida. Det er teke inn eit avsnitt om konserninterne overføringar (post 81) .

Utrekning av tonnasjeskatt (RF-1193)

Det er teke inn ein rubrikk for utfylling av organisasjonsnummer øvst på skjemaet. Satsane for utrekning av tonnasjeskatt er dobla. Post 100 er endra til post 101. Post 101 er endra til post 102. Post 102 er endra til 103. Det er teke inn ein ny post 104. I post 104 skal samla nettotonnasje for alle skip i selskapet summerast.

Rettleiing for utfylling av skjemaet er teken inn på baksida.

Opplysningar om transaksjonar og mellomverande med konsernselskap m m (RF-1194)

Det er teke inn ein rubrikk for organisasjonsnummer øvst på skjemaet.