3. Skjema som er omsette til samisk

  • Publisert:

Følgjande skjema og rettleiingar er omsette til nord-samisk:

  • Sjølvmeldingsblankett for næringsdrivande m m med rettleiing (RF-1027)
  • "Spesifikasjon av postane 3.1.1, 3.1.2, 3.1.4, 3.3.1, 4.1.1, 4.1.4, 4.1.5, 4.1.6, 4.1.7, 4.1.8 og 4.8.1 i sjølvmeldinga for næringsdrivande" (RF-1006)
  • "Allmenn næringsoppgåve 1" (RF-1175) med rettleiing (RF-1176),
  • "Vinst- og tapskonto" med rettleiing (RF-1219),
  • "Personinntekt" (RF-1224) med rettleiing (RF-1225),
  • "Spesifikasjon av skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar" (RF-1217) med rettleiing (RF-1218),
  • "Næringsoppgåve for reindrift" med rettleiing (RF-1071 og RF-1073)
  • "Næringsoppgåve for jordbruk, gartneri o l" (RF-1007) med rettleiing (RF-1008),
  • "Tilleggskjema til jordbruk/gartneri og skogbruk" (RF-1012) med rettleiing (RF-1008),
  • "Saldoskjema" med rettleiing (RF-1084),
  • "Opplysningar for utskriving av skattekort/forskottsskatt" (RF-1102),
  • "Lønns- og trekkoppgåve" (RF- 1023),
  • "Opplysningar om bruk av bil" (RF-1125),
  • "Årsoppgjer for utleige m m av fast eigedom" (RF-1189).

Skjema på samisk kan nyttast i fem kommunar i Finnmark og i ein kommune i Troms. Desse kommunane er Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana og Kåfjord. Skjema kan ein få ved å kontakte dei aktuelle likningskontora. Den samiske utgåva av næringsoppgåve for reindrift kan likevel nyttast i alle kommunar der det blir drive reindriftsnæring.