Klagenemnda for merverdiavgift

KMVA 4287A

  • Publisert:
  • Avgitt 02.01.2000
Saksnummer KMVA 4287A

Klagenemnda si avgjerd av 2. januar 2000.

Saka gjeld spørsmål om gjennopptaking av ei klagesak som tidlegare er avgjort av klagenemnda. Det føreligg ikkje klagerett, og det er heller ikkje kome fram noko nytt i saka.  Skattedirektoratet gjorde difor framlegg om at saka vert avvist, og klagenemnda slutta seg samrøystes til innstillinga.

Bransje: Forlegging av tidsskrift og vekeblad

Stikkord: Gjennopptaking av klagesak Klagerett

Fvl:  § 28, 1.avsnitt 2.punktum

 

Dato for Skattedirektoratet si innstilling: 25. august 2000                            

KLAGENEMNDA FOR MEIRVERDIAVGIFT

Avgjerd den 2.januar 2001 i klagesak nr 4287A som gjeld org nr xxx xxx xxx. Skattedirektoratet har avgjeve slik

 i n n s t i l l i n g :

Verksemda vart registrert i avgiftsmanntalet frå 6.termin 1992 for forlegging av tidsskrift og vekeblad.

På grunnlag av bokettersyn for året 1996 gjorde XX Fylkesskattekontor med heimel i meirverdiavgiftslova § 55 nr 2 vedtak dagsett 19.august 1998 om etterrekning av m.a. utgåande meirverdiavgift av blad som vart delt ut gratis til tilsette.

Dette vedtaket vart påklagd, og i vedtak av 9.februar 2000 stadfesta Klagenemnda for meirverdiavgift etterrekninga på dette punktet med dissens 3-2.

I brev av 10.mai 2000 ber avgiftspliktige om at saka vert teken opp att på nytt.

Saka er ikkje brakt inn for domstolane.

Saka vart motteken i Skattedirektoratet 11.mai 2000.

 

../.  Kopi av følgjande dokument er vedlagd innstillinga til nemndsmedlemmene:

Dok   1: Bokettersynsrappport av 12.mars 1998. Dok   2: Varsel om etterrekning av avgift dagsett 28.april 1998. Dok   3: Tilsvar av 18.mai 1998. Dok   4: Vedtak om etterrekning av avgift m.m. dagsett 20.august 1998. Dok   5: Klage dagsett 28.september 1998. Dok   6: Fylkesskattekontoret si utgreiing til klagenemnda. Dok   7: Brev av 21.april 1999 frå A. Dok   8: Kopi av NOU 1981:48 Dok   9: Klagesak nr 2965. Dok 10: Utdrag av klagesak nr 2892. Dok 11: Brev av 24.august 1999 frå A med vedlegg. Dok 12: Vedtak i klagenemnda av 9.februar 2000. Dok 13: Brev frå A dagsett 10.mai 2000.

Saka gjeld: Saka gjeld spørsmål om gjenopptaking av ei klagesak som tidlegare er avgjort av klagenemnda.

Nærare om saksforholdet: Under bokettersynet for 1996 vart det teke opp at verksemda ikkje hadde rekna meirverdiavgift ved utdeling av blad til tilsette.  Kvar veke mottok tilsette med månadslønn B, Cog to valfrie blad frå selskapet sin produksjon.  Fylkesskattekontoret la til grunn at utdelinga var avgiftspliktig naturalavlønning etter mval § 14 2.avsnitt nr 1, og føretok etterrekning av utgåande avgift på kr 175.016,-, samt renter (kr 8.154,-) og tilleggsavgift på 10% (kr 17.501,-) for dette forholdet.

Vedtaket vart påklagd, og klagenemnda sitt fleirtal på 3 slutta seg til etterrekningsvedtaket medan 2 medlemmer av nemnda røysta for oppheving på dette punktet.

Avgiftspliktige har i brev av 10.mai 2000 frå A bedt om ei ny handsaming av saka, og det vert vist til at verksemda må stille blad til disposisjon for sine tilsette som ledd i bladproduksjonen og kvalitetssikringa av denne. 

 Det vert opplyst at ordninga forutset at tilsette som arbeider med eit bestemt blad, tek ut dette som eit av dei 4 blada, men verksemda ser det som minst like verdifullt at tilsette gjer seg kjende med bladprodukt der dei ikkje er involverte i produksjonen.  Vidare vert det hevda at det har formodningen mot seg at eit forlag av denne storleiken ikkje må dele ut eller stille til disposisjon blad til tilsette i ein eller annan utstrekning.  Det er opplyst at det ikkje vert teke ut blad ut over denne ordninga til bruk for sikring og oppfølgjing av produkta.

Vidare vert det vist til at vedtaket i klagenemnda er gjort under dissens (3-2) og at enkelte av medlemmene i si votering gav uttrykk for tvil.

Skattemessig er det lagt til grunn at vekeblada både dekka eit tenestemessig og privat behov, jf. likningsnemnda sitt vedtak av 20.august 1999.  Likningsnemnda fann å kunne leggje til grunn at uttak av eit blad i veka måtte sjåast på som naturallønn, medan det øvrige ikkje kunne skattleggjast då dette vart sett på som nytta i tenesta. Dette tilsvarar det som etter praksis er lagt til grunn ved skattleggjing av avisabonnement til tilsette.  Likningsnemnda fann å ikkje ville gjere korreksjonar tilbake i tid for forholdet då det har vore ein langvarig praksis for å ikkje skattleggje dei tilsette innan dags- og vekepressa for aviser m.v som vert produserte i verksemda.  Arbeidsgjevaren vart pålagd i framtida å sjå til at verdien på eit av vekeblada vart innberetta som ei trekk- og avgiftspliktig yting.

Avgiftspliktige viser til at det vil vere ein fordel om slike spørsmål vert vurdert likt avgifts- og skattemessig, og ber difor om at vedtaket i avgiftssaka vert omgjort.  Vidare vert det vist til at omsetning av aviser er friteke for plikta til å svare meirverdiavgift, jf. mval § 16 nr 7.  Det har difor ikkje vore grunnlag for å kunne danne seg ein tilsvarande avgiftspraksis ved utdeling av aviser til tilsette.

 Ut ifrå vedtaket i likningsnemnda og standpunktet til mindretalet i Klagenemnda for meirverdiavgift, ber avgiftspliktige om at saka vert vurdert på nytt.  Avgiftspliktige legg framleis til grunn at forholdet skal vurderast slik at det i all hovudsak er selskapet sitt behov for kvalitetssikring som vert oppfylt gjennom utdelinga av blad til dei tilsette, og at forholdet difor ikkje er å sjå på som naturalavlønning etter mval § 14 2.avsnitt nr 1.

Skattedirektoratet viser  til at likningsnemnda sitt vedtak og dei øvrige momenta som er påpeikte av avgiftspliktige også var kjende for avgiftsstyresmaktene ved den tidlegare handsaminga av klagesaka.  Desse momenta er difor vurderte og avviste i vedtaket i klagenemnda dagsett 9.februar 2000. Om grunngjevinga for dette viser vi til sjølve vedtaket (dok 12).  Skattedirektoratet kan ut ifrå dette ikkje sjå at det føreligg grunnlag for å omgjere etterrekningsvedtaket av eige tiltak etter meirverdiavgiftslova § 56 jf. forvaltningslova § 35.

Vidare viser vi til forvaltningslova § 28 1.avsnitt 2.punktum der det er fastsett følgjande: «Med mindre Kongen annerledes bestemmer, kan klageinstansens vedtak i klagesak ikke påklages.»  Det føreligg ut ifrå dette ikkje klagerett, og Skattedirektoratet gjer difor framlegg om at saka vert avvist av klagenemnda.        Skattedirektoratet tilrår etter dette at det vert gjort slikt

 v e d t a k :

Saka vert avvist.

  KLAGENEMNDAS AVGJØRELSE:

Nemndas medlemmer (Dons Heinfjell, Martinsen, Andersen, Omdal og Haugerud) har alle sagt seg enig i Skattedirektoratets innstilling. 

 V e d t a k:

Som innstilt.