Skatteklagenemnda

Tilleggsavgift på bakgrunn av feilaktig frådragsført inngåande avgift på kostnader knytt til leige av hus/sal av tomt, og frådragsført inngåande meirverdiavgift utan at det låg føre eit gyldig salsdokument.

  • Publisert:
  • Avgitt: 22.03.2017
Saksnummer Alminnelig avdeling 01 NS 10/2017

Saka gjeld vedtak om å ileggje tilleggsavgift, jf. § 21-3 på bakgrunn av etterrekning av meirverdiavgift for frådragsført inngåande avgift på kostnader knytt til leige av hus/sal av tomt, og til det høve at verksemda hadde frådragsført inngåande meirverdiavgift utan at det låg føre eit gyldig salsdokument.

Klaga vart ikkje tatt til følgje.

Saksforholdet

Skatt X har i si utgreiing om saka i samsvar med skatteforvaltningslova § 13-6 (4) opplyst følgjande om saksforholdet:

"Saksforholdet:

Verksemda [A] blei registrert i Meirverdiavgiftsregisteret frå og med 3. termin 2007 (verksemda var tidlegare registrert i Meirverdiavgiftsregisteret frå 1. termin 2000 til 1. termin 2002). Verksemda er registrert under næringa "Melkeproduksjon på storfe" som hovudnæring, og "drift av campingplasser og turisthytter" og "drift av campingplasser" som attåtnæring.

Den 22.02.2016 sendte verksemda inn terminoppgåva for 6. termin 2015, som viste kr 15 775 i frådragsført inngåande meirverdiavgift, og kr 0 i omsetnad.

Verksemda blei varsla om kontroll den 29.02.2016, og skattekontoret fekk tilsendt etterspurt dokumentasjon den 16.03.2016.

Kontrollen blei deretter utvida til også å omfatte året 2014 og 1.-5. termin 2015, jf. skattekontoret sitt skriv av 18.03.2016.

Skattekontoret varsla den 06.05.2016 om etterrekning av meirverdiavgift med til saman kr 43 445. Kr 38 120 gjaldt frådragsført inngåande avgift på kostnader knytt til leige av hus/sal av tomt, mens kr 5 100 knytt seg til at verksemda hadde fakturert med for lav mva-sats i samband med utleige av båtplass. Dei siste kr 225 knytta seg til det høve at verksemda hadde frådragsført inngåande meirverdiavgift utan at det låg føre eit gyldig salsdokument. Verksemda blei og ilagt tilleggsavgift med 20 % av henholdsvis kr 38 120 og kr 5 100, totalt kr 8 644.

Verksemda sendte ikkje inn merknader til varselet.

Skattekontoret fatta vedtak den 08.06.2016 i samsvar med det som var varsla.

Vedtaket blei påklaga den 30.06.2016. I telefonsamtale av 25.08.2016 mellom skattekontoret og verksemda v/ B blei klagen nærare utdjupa. Vidare fråfalt verksemda klagen når det gjeld etterrekninga av frådragsført inngåande avgift på kostnader knytt til leige av hus/sal av tomt. B meldte frå om at ho no hadde skjønt kva verksemda hadde gjort feil. Verksemda oppretthald klagen når det gjaldt tilleggsavgifta.

Etter ei fornya vurdering av saka, kom skattekontoret fram til at vedtaket av 08.06.2016 måtte gjerast delvis om slik at etterrekninga på kr 5 100 knytt til utleige av båtplass fall bort. Tilleggsavgifta for dette høvet fall då og bort."

Sekretariatet har ikkje mottatt merknadar til innstillinga frå skattepliktige.

Skattepliktige meiner

Skatt X har i si utgreiing om saka i samsvar med skatteforvaltningslova § 13-6 (4) opplyst følgjande om kva skattepliktige meiner:

"Verksemda viser til at ho til ei kvar tid har handla i god tru etter dei råd ho har fått, og så langt ho har greidd å tolka lovteksten. Verksemda hevdar at ho ikkje på noko tidspunkt – korkje forsetteleg eller aktlaust – har brote nokon reglar i meirverdiavgiftslova med det føremål å påføre staten tap. Noko slikt finn verksemda fånyttes og uetisk, og det kjennes krenkjande å få ein slik påstand presentert."

Skattekontoret sine merknadar

Skatt X har i si utgreiing om saka i samsvar med skatteforvaltningslova § 13-6 (4) avgjeve følgjande merknadar:

"Vedtaket er påklaga i rett tid, jf fvl § 29.

Det følgjer av meirverdiavgiftslova § 21-3 fyrste ledd at tilleggsavgift kan ileggjast dersom det ligg føre eit aktlaust eller forsetteleg brot på meirverdiavgiftslova eller forskrift gjeve i medhald av denne, og staten ved det har eller kunne ha blitt påført eit tap.

Reglane om tilleggsavgift er utdjupa i Skattedirektoratets reviderte retningslinjer av 21.10.2014.

For at tilleggsavgift kan ileggjast må det vere klart sannsyn for at lov eller forskrift er brote og at brotet er aktlaust. Det ligg føre aktløyse når avgiftssubjektet "burde forstå" at handlinga kunne føre med seg brot på lova eller forskrifta.

Brotet må kunne ha påført staten tap. I denne samanheng er det tilstrekkeleg at det er sendt inn uriktig omsetnadsoppgåve. Ved aktløyse skal det ileggjast 20 prosent tilleggsavgift av det aktuelle beløp i dei tilfelle ein reaksjon er på sin plass.

Skattekontoret meiner at det er klart sannsyn for at verksemda har brote føresegn i meirverdiavgiftslova og forskrifter. Vi viser til at verksemda har ført til frådrag kostnader knytt til reguleringsplan for vegprosjektering og sal av tomt. I tillegg har verksemda ført til frådrag kostnader knytt til leige av eit hus. Dette er kostnader som er knytt til verksemd som ikkje er omfatta av meirverdiavgiftslova, og som verksemda derfor ikkje har rett til frådrag for, jf. meirverdiavgiftslova § 3-11, fyrste ledd, jf. § 8-1.

Lovbrotet må ha ført til at staten er, eller kunne ha blitt påført eit tap. Då verksemda har brote førsegn i lova, jf over, meiner skattekontoret at det ligg føre klart sannsyn for at staten kunne ha blitt påført tap.

Etter dette meiner skattekontoret at det er klart sannsyn for at dei objektive vilkåra for å kunne ileggje tilleggsavgift er oppfylt.

Brotet må vidare vere utøvd med aktløyse.

Verksemda hevdar at ho ikkje på noko tidspunkt – korkje forsetteleg eller aktlaust – har brote nokon reglar i meirverdiavgiftslova med det føremål å påføre staten tap.

Meirverdiavgiftssystemet er basert på at avgiftssubjektet sjølve bereknar og innrapporterer skyldig meirverdiavgift. Plikta til å levere korrekte omsetnadsoppgåver er heilt sentral for næringsdrivande som driv avgiftspliktig verksemd. Eit avgiftssubjekt skal medverke til at avgiftsplikta blir klårlagt og oppfylt til rett tid, og gjere avgiftsstyresmakta merksam på eventuelle feil ved avgiftsrekninga, jf. meirverdiavgiftslova § 15-1, åttande ledd. Føremålet med denne regelen er å lovfeste ein aktsamheits- og lojalitetsplikt knytt til avgiftsoppgjeret.

Krava til den som står føre avgiftsoppgjeret er i praksis strenge, og det skal ikkje mykje til før eit brot på lov eller forskrift blir sett på som aktlaust. Den avgiftspliktige pliktar å setje seg inn i de reglane som gjeld ved utrekning av avgift for si eiga verksemd.

I denne saka har verksemda erkjent å ha ført for mykje til frådrag. Det må då leggjast til grunn at verksemda ikkje har satt seg grundig nok inn i dei reglane som gjeld eiga verksemd. Verksemda viser riktignok til at ho har søkt råd, men reglane om avgiftsplikt og frådragsføring er heilt sentrale på meirverdiavgiftsområdet, og skattekontoret set føre at desse er kjent.

Etter skattekontoret si oppfatning er det klart sannsyn for at verksemda har utvist tilstrekkeleg grad av aktløyse då ho sendte inn omsetnadsoppgåve der det var frådragsført inngåande avgift som det ikkje var rett til frådrag for. Vilkåra for å ileggje tilleggsavgift er såleis oppfylt, jf. meirverdiavgiftslova § 21-3 fyrste ledd.

Verksemda ileggjast 20 % tilleggsavgift av kr 38 120 i samsvar med retningslinjene pkt 4.1 og praksis. Tilleggsavgifta utgjer kr 7 624."

Sekretariatet si vurdering

Skatteklagenemnda er rett klageinstans etter skatteforvaltningslova § 13-3 (2). Når klaga blir behandla, kan Skatteklagenemnda prøve alle sider av saka, jf. skatteforvaltningslova § 13-7 (2).

Sekretariatet som førebur sakar for Skatteklagenemnda, innstiller på at klaga til skattepliktige ikkje blir tatt til følgje. Sekretariatet sluttar seg i det vesentlege til skattekontoret si grunngjeving i utgreiinga attgjeven ovanfor.

I utgreiinga har skattekontoret vist til reglar om saksbehandlinga i meirverdiavgiftslova og forvaltningslova. Reglane om saksbehandling i meirverdiavgiftslova blei opphevt og erstattet  av ny skatteforvaltningslov frå 1. januar 2017 uten at det i denne saka medfører noen realitetsforskjell.

For spørsmålet om ilegging av tilleggsskatt går det fram av overgangsregelen i skatteforvaltningslova § 16-2 (2) annet punktum at tidlegare reglar gjeld for sakar om tilleggsskatt og gebyr for brot som er varsla før lova begynte å gjelde.

Sekretariatet gjer etter dette framlegg om følgjande

 

v e d t a k

Klaga blir ikkje tatt til følgje.

 

Saksprotokoll i Skatteklagenemnda Alminneleg avdeling  01      

 

Medlemma Hines, Holst Ringen og Folkvord slutta seg til sekretariatet si innstilling.

 

Det blei 22. mars 2017 fatta slikt

 

v e d t a k :

 

Klaga blir ikkje tatt til følgje.