Nynorsk i Skatteetaten

Ifølgje språklova er nynorsk og bokmål jamstilte skriftspråk i offentlege organ. Ingen av skriftspråka skal vere representerte med mindre enn 25 prosent i all tekst frå Skatteetaten retta mot brukarane.

Når Skatteetaten kjenner til språkønsket til ein privatperson, pliktar Skatteetaten å følgje dette språkønsket i svara sine.

Innhald:

Å skrive nynorsk i Skatteetaten

Skatteetaten skal skrive eit godt, forståeleg og tydeleg nynorsk. Vi skal vere eit språkleg førebilete for privatpersonar og for forvaltninga.

Det er stor valfridom når ein skriv nynorsk. Det er derfor viktig at du som nynorskbrukar tenkjer gjennom at nynorskbruken din er konsekvent, anten du bruker ei radikal, moderat eller konservativ nynorsknorm. Sjå Språkrådet for ei liste over kva som er valfritt i nynorsk.

Viktig informasjon

Fordelen med å skrive nynorsk, er at nynorsken som administrativt språk har ei yngre historie – og mindre kansellibagasje – enn bokmålet. Tenk konkret og munnleg – så skriv du både nynorsk og klarspråk i same slengen.

Mange av tipsa i denne teksten er gode når du skriv bokmål òg. Bruk dei og sjå at tekstane dine fort blir meir klarspråklege.

Nynorsk førstehjelp

Viss du kjenner deg meir trygg på bokmål enn på nynorsk, kan det verke skremmande å skrive på eit anna skriftspråk. Bruk råda under for å komme trygt i hamn med nynorskteksten din.

Førebyggjande tiltak for å redusere risikoen for rusten nynorsk

  1. Ta kurset Oi, på nynorsk! ein gong i året, minst.
  2. Test kunnskapen din i nynorsk øvingsrom. 
  3. Sei til leiaren din at du treng eit nynorskkurs.

Kva skil bokmål og nynorsk?

Ordforråd

Nynorsk har ein del andre ord enn bokmål. Veit du ikkje kva bokmålsordet heiter på nynorsk? Sjekk administrativ ordliste eller LEXIN. Omgrepskatalogen på intranett er òg omsett til nynorsk, så viss du søkjer på eit bokmålsomgrep, får du opp nynorskomgrepet.

Veit du kva bokmålsordet heiter på nynorsk, men er usikker på korleis det blir bøygt? Sjekk ordboka.

Setningsoppbygging

Nynorsk er basert på dei norske dialektane og har ein meir munnleg tradisjon enn bokmål. Når du skriv nynorsk, er det derfor greitt å tenkje over korleis du ville sagt det du skal skrive.

På nynorsk bruker vi både bestemmarord («denne», «mitt», «nokon» etc.) og substantiv i bestemt form. Vi skriv til dømes: «Denne saka er viktig». Dette blir kalla dobbel bestemming og blir ofte droppa i etatsbokmål. Då bruker ein enkel bestemming: «Denne sak er viktig». Skriv derfor nynorsk og klarspråkleg ved å bruke bestemt form.

Det vanlege er å plassere eigedomsord etter substantivet, så lenge dei ikkje skal ha trykk. «Vi viser til førespurnaden din», ikkje «Vi viser til din førespurnad».

Vi bruker helst aktivt språk på nynorsk: «Vi behandlar klagen». Viss du ikkje veit kven som gjer noko i setninga, kan du bruke passiv.

Vi kan lage passiv på nynorsk på to måtar. Begge gongane legg vi til eit hjelpeverb.

Alternativ 1: bli/verte + verbet som står etter «har» i ordboka: «(har) behandla»

Døme: «Klagen blir behandla.»

Alternativ 2: skal/skulle, vil/ville, kan/kunne, må/måtte, bør/burde + verbstammen + -ast

Døme: «Klagen skal behandlast.»

-ing-endingar er med på å gjere språket passivt. Gjer -ing-ordet til eit aktivt verb igjen, så blir språket betre og lettare for lesaren å forstå.

Døme: «Ei vurdering av saka er under gjennomføring.» vs. «Vi vurderer saka.»

Unngå s-genitiv i alle tilfelle utanom særnamn (Noregs Bank) og visse uttrykk (ei vekes tid).

Tre måtar å unngå s-genitiv:

1. Bruk preposisjonar

Bokmål: Skatteetatens vedtak
Nynorsk: vedtaket til Skatteetaten

2. Skriv orda saman

Bokmål: sakens dokumenter
Nynorsk: saksdokumenta

3. Bruk sin, si, sitt og sine

Bokmål: skattekontorets uttalelse
Nynorsk: skattekontoret sin uttale

Vi splittar helst opp laust samansette verb. Til dømes kan «påklages» splittast opp og bli til «klage på». Verb som er fast samansette, slik som «avslutte», går ikkje an å dele opp.

Bruk han eller ho i staden. «Skattemeldinga er no send ut. Du finn ho i Altinn.»

I nynorsk bøyer vi adjektiv og partisipp (verb som oppfører seg som adjektiv) i samsvar med substantivet. Dei er i samsvar viss dei har same kjønn. I setninga i førre punkt er substantivet «skattemelding» eit hokjønnsord, derfor må adjektivet eller partisippet som vi plasserer framfor eller etter òg bøyast som eit hokjønnsord: «send».

Er substantivet eit inkjekjønnsord, til dømes «brev»? Då blir setninga slik: «Brevet er sendt.»

I dei to døma over står partisippet etter substantivet, men det kan òg stå framfor.

Då blir det slik: «Den sende skattemeldinga» og «Det sende brevet».

Korleis veit du på kva måte adjektiva og partisippa skal bøyast? Det finn du i ordboka. Søk opp ordet og trykk på «Vis bøying».

 

Klassiske nynorskfeller du må unngå

1. Alt endar på -ar

Det er lett å tru at om du plasserer -ar bak verbet, så blir det nynorsk. Men mange verb har -er-ending. Du kan teste ut kva form som er rett ved å gjere fortidstesten.

Kva gjorde du i går? I går «sende» eg noko. «Sende» har ikkje a i fortid (eg «senda» ikkje noko i går), derfor skal «sende» ha -er i presens: «Eg sender eit brev».

Viss du derimot «endra» noko i går, ser du at verbet «å endre» har a i fortid. Derfor skal det ha -ar i presens: «Eg endrar noko».

2. Ein ekstra -r i fleirtal

Inkjekjønnsord får ikkje -r i fleirtal på nynorsk. Det heiter eit område, fleire område, eit tilfelle, fleire tilfelle og eit møte, fleire møte.

3. Ein e her og ein a der

Viss du slår opp på verba «sende» og «svare» i ordboka, ser du at du kan skrive dei både med e og med a i infinitiv (å sende/å senda). Men, du må velje ein av dei i teksten din. Skriv du «Du kan sende klagen til oss», må du òg skrive «Vi skal svare deg så raskt som mogleg».

4. Einsam -ast

Når du skal skrive eit verb i passiv, noko du sjølvsagt prøver å unngå sidan aktivt språk er tydelegare, er det ikkje nok å slenge på ein -ast. Bokmålssetninga «Søknaden behandles fortløpende» kan ikkje omsetjast til «Søknaden behandlast fortløpande».

-ast kan ikkje stå einsam, men treng ein venn. Denne vennen er eit hjelpeverb, og alternativa du har er «bli, skal, må, bør, kan». Då blir setninga: «Søknaden blir behandla fortløpande» eller «Søknaden skal behandlast fortløpande».

Ord som er lett å omsetje feil

  • Bokmål: «skyldes»
    Nynorsk: «kjem av»
  • Bokmål: «kun»
    Nynorsk: «berre»
  • Bokmål: «til enhver tid»
    Nynorsk: «til kvar tid, alltid, til alle tider, heile tida»
  • Bokmål: «på vegne av»
    Nynorsk: «på vegner av»
  • Bokmål: «samtlige»
    Nynorsk: «alle»
  • Bokmål: «samt»
    Nynorsk: «og»
  • Bokmål: «driftsmiddel»
    Nynorsk: utstyr = «driftsmiddel», kapital = «driftsmidel»
  • Bokmål: «en økning»
    Nynorsk: «ein auke»
  • Bokmål: «mv.»
    Nynorsk: «o.a.» eller «m.m.»
  • Bokmål: «forrige»
    Nynorsk «førre»

Står du heilt fast?

Ta kontakt med nynorsk språkgruppe (berre tilgjengeleg for Skatteetaten sine tilsette).