Eg må betala restskatt

  • Skriv ut

For deg som får skatteoppgjeret i juni, er tidlegaste forfallsfrist 20. august. Elektroniske brukare får tilsendt faktura med betalingsinformasjon i Altinn. Dersom du ikkje er elektronisk brukar, får du tilsendt faktura med betalingsinformasjon i posten.

Korleis betalar eg?

Du som er elektronisk brukar får tilsendt ein faktura med betalingsinformasjon og forfallsfrist i meldingsboksen din i Altinn. Dersom du ikkje er elektronisk brukar, får du tilsendt faktura med forfallsfrist i posten til di folkeregistrerte adresse.

Du kan no inngå avtale med oss om e-faktura i samband med innbetaling av skatt.

Når må eg betala restskatten?

Restskatt under kr 100 treng du ikkje å betala. For deg som får skatteoppgjeret i juni, er tidlegaste forfallsfrist 20. august - både for  restskatt over og under 1000 kr. Om du får over 1000 kroner i restskatt, vert han delt i to like innbetalingar. Forfallsfrista er tre og åtte uker etter at skatteoppgjeret ditt vert sendt ut, men tidligst 20. august og 8 veker deretter.  

Slik unngår du renter på restskatten.

Kvifor må eg betala restskatt?

Forklaringen er ofte at de endelege tala for inntekt og frådrag vart annleis enn det som låg til grunn for skattekortet du hadde i 2016. Du har sjølv ansvar for at grunnlaget for skattekortet i skattetrekksmeldinga er rett.

Eg vil klaga på skatteoppgjeret

Om du meiner at noko er feil i skatteoppgjeret, kan du senda ei klage. Dette gjer du enklast ved å senda ei elektronisk klage.

Les dette før du klagar på skatteoppgjeret.

Korleis unngå restskatt

Sjekk at tala i skattetrekksmeldinga di (skattekortet) for 2016 stemmer. Nytt skattekort er klart i desember. Dersom tala ikkje stemmer kan du endra skattekortet ditt

Skattetrekksmeldinga (skattekortet) finn du når du loggar inn i Altinn. 

Har du fleire arbeidsgivarar må du sjekka at ikkje fleire enn din hovedarbeidsgivar brukar tabelldelen av skattekortet. Det same gjeld viss du mottek ei yting frå NAV samstundes som du er i arbeid. Dersom tabelldelen brukast av fleire arbeidsgivare eller NAV og ein arbeidsgivar samstundes, får du restskatt.

Les meir om korleis unngå restskatt.

Eg har levert ny egenfastsetting/klaga på skatteoppgjeret. Må eg likevel betala restskatten? 

Du må betala restskatten sjølv om du har sendt oss ei ny egenfastsetting eller klage. Betaler du ikkje betaler restskatten i tide, løper det forseinkingsrentar ved forfall fram til du betalar. Slik unngår du renter på restskatten.

Kva er "førebels skatteberekning"?

På side 4 i skattemeldinga din ser du ei førebels skatteberekning. Sjå døme.
Det  er ikkje sikkert at det er det same beløpet du får til gode eller i restskatt i skatteoppgjeret.

Resultatet du ser på skattemeldinga er bare ei førebels berekning. Han er basert på de opplysningane Skatteetaten hadde om deg da skattemeldinga vart skrive ut i mars. Dette er meint som rein informasjon, og for at du skal kunna kontrollera innbetalt skatt. Gjer du endringar i nokon av postane når du sjekker skattemeldinga di, kan òg førebels berekning endrast.
 
Viser den førebels berekninga at du skal betala restskatt, har du høve til å innbetala restskatten tidlegare, for å unngå renter. Frista for denne innbetalinga er 31. mai.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.