Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Faktor for oppjustering av gevinst/tap eller utbytte på aksjar
Du skal gonge skattepliktig utbytte og gevinst/tap på aksjar som skal stå i skattemeldinga med eit faktortal.
I skattemeldinga blir beløp før oppjustering vist. Aksjeinntekter (og tap som gir frådragsrett) du sjølv fører inn i skattemeldinga, skal vere utan oppjustering. Oppjustering skjer automatisk i Skatteetaten sine system, og blir vist i foreløpig skatteberekning, eventuelt skatteoppgjer.
Faktortal
Faktortalet for inntektsåret 2024 er 1,72.
Døme
Du mottar 100 000 kroner i utbytte. Beløpet skal for 2024 gongast med faktortal 1,72 før skattlegging av 22 prosent.
100 000 x 1,72 = 172 000
172 000 x 0,22 = 37 840
Skatten på utbyttet ditt av 100 000 kroner blir i dette dømet 37 840 kroner.
Dømet viser berre oppjustering og tar ikkje omsyn til eit eventuelt skjermingsfrådrag. Oppjusteringa gjeld for skattepliktig utbytte etter skjermingsfrådrag.
Dette blir gjort for at skattlegginga av dei totale aksjeinntektene frå selskap og aksjonær skal bli mest mogleg lik skattlegginga av lønn. Lønn blir pålagt alminneleg inntektsskatt på 22 prosent, trinnskatt og trygdeavgift. Sum marginalskatt kan då overstige 45 prosent. Eit aksjeselskap betalar skatt på 22 prosent av overskotet. Når overskotet blir delt ut som utbytte, blir det pålagt inntektsskatt på 22 prosent. For at marginalskatten skal bli mest mogleg lik skattlegging av lønnsinntekter blir aksjeinntekta gonga med faktortalet 1,72.
Døme
Eg eig eit aksjeselskap der eg arbeider, men eg tar ikkje ut lønn, berre utbytte. Selskapet mitt går med overskot på 100 000 kroner, og selskapet betalar skatt på 22 000 kroner (22 prosent).
Eg tar ut overskot etter skatt i utbytte og mottar 78 000 kroner i utbytte. Dersom dette hadde blitt pålagt skatt på 22 prosent utan oppjustering, hadde skatt på overskotet blitt 17 160 kroner. Total skatt på overskotet i selskapet hadde då blitt 39,16 prosent (22 000 + 17 160).
Dette er langt under marginalskatten for lønnsinntekter, så derfor blir utbyttet på 78 000 kroner gonga med faktoren 1,72 (78 000 x 1,72 = 134 160).
Skattepliktig utbytte på 134 160 kroner blir pålagt skatt på 22 prosent, som utgjer 29 515 kroner. Slik blir sum skatt på selskap og aksjonær 51,52 prosent (selskapet betalar 22 000 i skatt, aksjonæren 29 515). Dette er tilnærma lik marginalskatten på lønnsinntekter.
Regelen om oppjustering av aksjeinntekter gjeld uavhengig av om du sjølv eig 100 prosent eige selskap eller berre har nokon få aksjar i eit stort børsnotert selskap.