Kontakt oss
No lurer mange på dette
Du kan sjå, bestille og endre skattekortet ditt. Du kan ikkje velje kva prosent du vil ha på skattekortet. Prosenten blir bestemt av tala du legg inn. Viss du vil trekkje meir skatt enn det skattekortet viser, kan du be arbeidsgivar om å gjere det.
Sjå rettleiingsvideo om skattekort.
Dersom du tener under 70 000 kroner, kan det vere du kan få frikort. Hvis du har meir enn ein arbeidsgivar må du dele frikortbeløpet.
Viss du har fått restskatt, vil du motta ein faktura med betalingsinformasjon i god tid før betalingsfristen forfell. Viss du vil betale restskatten no, kan du finne kontonummeret og lage eit KID-nummer sjølv.
Viss du ikkje kan betale heile beløpet innan fristen, kan du søkje om ein betalingsavtale. Berre dei som oppfyller alle vilkåra kan få ein betalingsavtale.
Viss du har fått restskatt, er det vanlegvis fordi det har blitt trekt for lite skatt i løpet av året. For å unngå restskatt til neste år bør du sjekke tala i skattekortet for 2023. Du må endre skattekortet viss tala er feil.
Informasjon om flytting og korleis du melder flytting – anten du skal flytte i Noreg, til Noreg eller frå Noreg, eller viss du skal endre postadresse.
Chat med oss
Du kan skrive til chat-roboten vår. I opningstida kan du òg gå vidare og be om å snakke med ein rettleiar.
Opningstida er 09:00–15:00 alle kvardagar.
Ring oss
Hovudnummeret vårt er 800 80 000.
Når du ringer oss på 800 80 000, gir me deg nokre tasteval. Du treng ikkje vente til alle talemeldingane er lese opp før du trykker deg vidare.
1 Skattekort og forskotsskatt
2 Alle andre spørsmål om skatt, skattemelding og skatteoppgjer
2-1 Privatperson
2-2 Personlig næringsdrivande
2-3 Aksjeselskap og andre verksemder
2-4 Revisor, rekneskapsførar eller advokat
3 Flytting, ekteskap, namn og andre folkeregisterspørsmål
4 A-ordninga
5 Meirverdiavgift
6 Køyretøy, omregistreringsavgift, vektårsavgift, vrakpant, tollkreditt og andre særavgifter
Frå utlandet ringer du +47 22 07 70 00.
For bidragskrav og andre krav frå Nav, Helfo og Garantikassa for fiskarar, ringer du 21 05 11 00.
Opningstida er 09:00–15:00 alle kvardagar.
Skriv til oss
Viss du må kontakte oss skriftleg, må du logge deg inn. Du kan ikkje sende e-post til oss.
Viss du skal sende oss brev i posten, bruker du adressa:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Skal du sende oss noko, må du logge deg inn og sende ei melding i Altinn:
Postadresse
Hvis du skal sende oss noe på papir, send det til:
Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav
9917 Kirkenes
Besøk oss
Du må bestille time. Du kan berre bestille time for tenester som krev personleg frammøte.
Opningstidene varierer for dei ulike skattekontora.
Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav (tidligere NAV innkreving)
Registerinfo (Serviceenhet for byggenæringen)
Sekretariatet for Skatteklagenemnda
Servicesenter for utenlandske arbeidstakere (SUA)
Skatteinnkreving kildeskatt pensjon
Spør oss på Facebook
Skatten min – for privatpersonar
Skatten min Bedrift – for bedrifter
Vi svarer på spørsmål 09:00–15:00 alle kvardagar.
Saksbehandlingstider
Vi behandler førespurnaden eller søknaden din så raskt som mogleg.
Sjå forventa svartid.
Bestill attest
Det kan vere mange grunnar til at du treng ein attest eller ei utskrift. Ved å svare på nokre raske spørsmål, får du hjelp til å bestille rett attest for behovet ditt.
Klage til Skatteetaten
Korleis du skal gå fram for å klage, avheng av kva du skal klage på. I mange tilfelle kan du nå endre sjøl i staden for å klage.